Faktaboks

Asbjørn Eide
Fødd
11. februar 1933, Voss
Verke
Jurist og samfunnsforsker
Familie

Foreldre: Forpakter og gårdbruker Eivind Eide (1896–1969) og Dagheid Johanne Lavik (1900–65).

Gift 10.10.1959 med førsteamanuensis Wenche Barth (3.1.1935–), datter av direktør Jacob Bøckmann Barth (1896–1974) og Solveig Herstad (1900–87).

Asbjørn Eide er ein norsk jurist og forfattar.

Eide var forskar og styrer av Institutt for fredsforsking i 1970–1986, direktør for Institutt for menneskerettar (no Norsk senter for menneskerettar) i 1987–1998 og deretter seniorforskar. Han hadde fleire internasjonale tillitsverv i menneskerettsspørsmål.

Han har gitt ut blant anna Food as a Human Right (1984), The World Military Order (med Mary Kaldor i 1979) og The Universal Declaration of Human Rights: A Commentary (1992), i tillegg til ei rekkje rapportar og artiklar i tidsskrift.

Asbjørn Eide er far til Espen Barth Eide.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg