Faktaboks

Arto Paasilinna

Arto Tapio Paasilinna

Fødd
20. april 1942, Kittilä
Død
15. oktober 2018, Esbo
Arto Paasilinna
Arto Paasilinna
Av /Aschehoug.
Bokomslag
Arto Paasilinna. Harens år. Aschehoug.
Bokomslag
Av .

Arto Paasilinna var ein finsk forfattar. Han skreiv fantasifulle, humoristiske romanar som tek utgangspunkt i finsk daglegliv, men der alt det normale blir gjort om til absurde situasjonar.

Paasilinna skreiv nesten femti bøker og blei omsett til ei rekkje språk. Han blei introdusert på norsk i 2004 med Harens år.

Bakgrunn

Han arbeidde som journalist og avisredaktør i ymse finske aviser og tidsskrift i perioden 1963–1975. Han tok til å skrive dokumentar- og halvdokumentarforteljingar før han tok spranget over i romansjangeren, og debuterte som forfattar i 1972.

Stil

Paasilinna skaper gjerne historiene sine ut frå det som verkar som vanlege finske menneske og vanleg finsk daglegliv. Dette snur han på hovudet når han lèt personane boltre seg i dei mest utrulege hendingar, der grensene mellom røyndom og oppspinn blir oppheva. Bøkene hans blir dermed ofte karakteriserte som ei moderne form for eventyrforteljingar. Hovudkarakteren dreg saman med andre likesinna ut på vidløftige reiser, og han (sjeldan ho) reflekterer (på sin skjelmske og satiriske måte) over det han ser og opplever. Humor og fantasi er sentrale stilistiske verkemiddel hos Paasilinna.

Forfattarskap

I 1972 debuterte Paasilinna som forfattar med Operaatio Finlandia, men det var først med Jäniksen vuosi (1975) at suksessen kom for alvor. Denne romanen er omsett til ei lang rekkje språk og blir gjerne rekna som Paasilinna si viktigaste bok Boka, som også er filmatisert, fortel om redaktør Vatanen som byrjar å leve i skogen saman med ein hare. På norsk heiter boka Harens år og er omsett av Nøste Kendzior (2004).

Ulvova mylläri (1981, Den ulende mølleren, 2006) hentar handlinga si frå ei nordfinsk bygd like etter andre verdskrigen. Andre bøker ein kan trekkje fram, er kriminalkomedien Hirtettyjen kettujen metsä (1987; De hengte revenes skog, 2006), den morbidhumoristiske kollektivromanen Hurmaava joukkoitsemurha (1990; Kollektivt selvmord, 2007), den litt naive mannsfantasien Onnellinen mies (1976, En lykkelig mann), religionssatiren i Ukkosenjumalan poika (1984, Tordengudens sønn) og den underlege miksen av einebuartilvære, småkongefantasiar og dystopi i Maailman paras kylä (1992, Verdens beste bygd).

Familie

Arto Paasilinna var bror til forfatteren Erno Paasilinna og politikaren Reino Paasilinna.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg