Faktaboks

Arthur Brox
Fødd
7. april 1901, Tromøysund
Død
25. januar 1973
Arthur Brox
Arthur Brox
Av /Ottar Brox.

Arthur Brox var ein norsk folkeminnesamlar. Han var utdanna lærar, verka som ordførar og gjorde ein stor innsats som kulturhistorikar.

Utdanning og verke

Brox var fødd i daverande Tromsøysund kommune. Han studerte ved Tromsø lærarskole i 1923 og Noregs lærarhøgskole i 1949. Han var gardbrukar og lærar i Medby i Torsken kommune 1924–1952, og lærar og skolestyrar på Borgtun i Tromsø 1953–1961. Han var dessutan ordførar i Torsken 1946–1951.

Kulturpersonen Arthur Brox

Brox er på mange måtar eit typisk døme på bygdeungdom frå små kår som fekk lærerutdanning og tok på seg eit stort samfunnsansvar på dei stadene der dei hadde arbeidet sitt. Han hadde stor interesse for kulturhistorie og folkloristikk. Denne interessa kom til uttrykk i ei rekkje bøker og artiklar. Utgangspunktet hans var mest alltid nordnorske forhold, og den kulturhistoriske spennvidda hans var omfattande.

Hovudverket hans er Berg og Torsken bygdebok (i to band, 1959–1965). Seinare gav han ut to fine samlinger Folkeminne frå Ytre Senja (1970/1976). Emna i forfattarskapen dekkjer eit breitt område, frå eit festskrift til 25-årsjubileet for Mållaget Heimhug ved Tromsø lærerskole, via artiklar om Hans Nielsen Hauge og Nord-Noreg, om «Russehandelen i Finnmark og Troms» og «Gårdshuger og tuftegrupper» til «Jordmorstell i Finnmark og Troms kring 1800».

Brox var målmann og skreiv for det meste på nynorsk. Artiklane hans er publiserte i tidsskrift som Heimen, Håløygminne og Ottar. I 1963 gav han ut ein artikkel med tittelen «Dagsror» i Håløygminne saman med sonen Ottar Brox.

Ein statue av Arthur Brox blei avduka i heimbygda Medby på Senja i 2022.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg