Arnulv Sudmann

Faktaboks

Arnulv Sudmann
Arnulv Sigurd Sudmann
født:
19. juni 1912, Voss
død:
30. april 1981, Oslo

Arnulv Sudmann var ein norsk avisredaktør, forlagsperson og nynorskforkjempar.

Han tok magistergraden i psykologi i 1942. Sudmann var frå 1935 til 1936 journalist i Norsk Tidend, frå 1941 til 1943 journalist i Nynorsk Vekeblad, og redaktør i bladet frå 1943 til 1945. Sudmann sette særleg spor etter seg som redaktør for det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok (10 band) som kom ut i ein tjueårsbolk frå 1945 til 1966. Han arbeidde som sekretær i Norsk språknemnd frå 1961 til 1972 og som kontorsjef i Norsk språkråd frå 1972 til 1980.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg