Faktaboks

Arne Rustadstuen
Fødd
14. desember 1905, Fåberg
Død
25. april 1978, Lillehammer
Arne Rustadstuen
Arne Rustadstuen under 50km i Holmenkollen i 1935.
Av /NTB.
Arne Rustadstuen
Rustadstuen i Holmenkollen 1931.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PD

Arne Rustadstuen var ein norsk skisportutøvar i mellomkrigstida. Han hevda seg nasjonalt og internasjonalt i langrenn og kombinert. To av merittane hans er VM-gullet på 17 kilometer i 1930 og OL-bronsen50 kilometer i 1932. Den populære løparen fekk Holmenkollmedaljen i 1935 og vart i 1939 den første rikstrenaren i norsk langrenn. Lillehammer Skiklubarrangerer det årlege Arne Rustadstuens minneløp.

Verdsmeister og olympisk medaljør

Rustadstuen er ein av dei fremste utøvarane i Lillehammer Skiklubs historie. I løpet av karrieren representerte han òg Faaberg Idrettslag, der han fekk æresmedlemskap. Rustadstuen vart verdsmeister på 17 kilometer på heimebane i Oslo i 1930. Under vinter-OL i Lake Placid i 1932 sleit nordmennene med å meistre det vanskelege føret. Rustadstuens bronse på femmila vart vår einaste langrennsmedalje i leikane.

Andre merittar

Norsk langrenns første rikstrenar

I slutten av 1930-åra var det vanleg med rikstrenarar i til dømes Sverige og Finland. Noreg hadde korkje hatt økonomi eller tradisjon for det, men diskusjonane gjekk. Det enda med at Rustadstuen vart tilsett for vinteren 1939–1940. Han fekk mykje god respons i det å vere ein samlande ressursperson. Rustadstuen takka nei til å halde fram. Under krigen gav han òg fleire tydelege avslag på å trene løparane til Nasjonal Samling. Den neste rikstrenaren kom først i 1958 med Kristen Kvello, då med varig verknad.

Arne Rustadstuens minneløp

Rustadstuen gjekk bort i 1978. Lillehammer Skiklub arrangerer årleg Arne Rustadstuens minneløp på Birkebeineren skistadion.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg