Arne Fjørtoft

Faktaboks

Arne Fjørtoft

Arne Johansson Fjørtoft

Født
28. mars 1937, Sauda, Rogaland
Arne Fjørtoft i 2003.
Av /NTB.

Artikkelstart

Arne Fjørtoft er ein norsk medie- og organisasjonsmann og tidlegare leiar for partiet Venstre.

Bakgrunn

Arne Johansson Fjørtoft er fødd i Sauda i Rogaland. Han er gift med NRK-profilen Ragnhild Sælthun Fjørtoft. Etter at han var ferdig med folkeskulen, var han sjømann ei tid, før han blei typograf. Han blei journalist, først i lokalavisa Ryfylke og deretter i Stavanger Aftenblad. Seinare vart han tilsett i NRK Rogaland, og i perioden 1964–1985 arbeidde han i barne- og ungdomsavdelinga og i Dagsrevyen, som ankermann og utanriksreporter. Etter 1990 har han arbeidd med prosjekt i Asia og som utanriksreporter for NRK.

Politisk karriere

Fjørtoft var tidleg aktiv lokalt i Venstre og blei vald inn i kommunestyret i Sauda. Seinare blei han bystyrerepresentant for Venstre i Stavanger, og i perioden 1986–1990 var han leiar i Venstre. Som leiar hadde han eit klart mål om å redusere klimautsleppa. Han var ein av initiativtakarane til å samle Det liberale folkepartiet og Venstre til eitt parti i 1988. Fjørtoft trekte seg som leiar etter det dårlege valresultatet for partiet etter valet i 1989, der han mellom anna hadde foreslått ei CO 2 -avgift.

Arne Fjørtoft har eit stort internasjonalt engasjement og har vore leiar for nærmare 20 organisasjonar i Asia, mellom anna på Sri Lanka. I 1979 starta han og blei generalsekretær for bistandsorganisasjonen Worldview International Foundation (WIF).

Framgangsmåten hans har vore kritisert for å vere uortodoks og utanom vanleg tenesteveg, men han har vore ei viktig kjelde til informasjon for norske styresmakter.

Utgjevingar

Fjørtoft har gitt ut fleire bøker, mellom anna Spelet om Bangladesh (1972), Alarm 1974. Rapport frå Afrika, Asia og Latin-Amerika (1974) og Afrikas barn. Katastrofeåret 1985 (1985). I 2007 kom Rapport frå paradis – ein idé om fred og utvikling.

Utmerkingar

Han har fått fleire internasjonale utmerkingar, mellom dei den thailandske Hvite elefants orden i 1994 for innsatsen sin mot narkotika og Gagarinmedalja for humanitært arbeid på Sri Lanka i 2005.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg