Arill Riise

Faktaboks

Arill Riise
Født
5. desember 1958, Sæbø, Ørsta
Arill Riise.
Arill Riise.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Arill Riise er journalist og forfattar, og har mellom anna vore nyhendeanker for både NRK og TV2.

Bakgrunn

Arill Riise er fødd på Sæbø i Hjørundfjord kommune (no Ørsta) i Møre og Romsdal. Riise er utdanna samfunnsvitar ved Universitetet i Bergen frå byrjinga av 1980-åra.

TV-karrieren

Riise var tilsett som journalist i NRK frå 1983 til 2003. Frå 2003 til 2006 var han informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund. Sidan 2006 har Riise vore tilknytt TV 2, først som vert i Frokost-TV og sidan 2010 som nyhendeanker.

I NRK var han for det meste knytt til NRK Møre og Romsdal, men han har òg vore programleiar for Norge Rundt (1989), nyhendeopplesar i Dagsrevyen og programleiar for Sommeråpent.

I TV 2 har han vore programleiar for mellom anna God morgen Norge, debattprogrammet Landstinget, God sommer Norge og OL-sendinga. Sidan hausten 2010 har Riise vore nyhendeanker for TV 2-nyhenda. Han har òg vore programleiar og debattleiar i valsendingane til TV 2.

Forfattarskapen

Riise har gitt ut tre bøker. I Blå fjordar, blått blod (1994) skildrar han norske og utanlandske kongelege sine private ferieturar på Vestlandet. Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta (1998) er ei humoristisk skildring av ulike typar sunnmøringar.

Humorboka Sild og Grandiosa (2006) er ein ganske treffande kommentar om korleis den moderne Aalesund Fotballklubb har vore med på å endre forholdet mellom Ålesund og bygdene omkring. Roar Hagen var illustratør i dei to sistnemnde bøkene.

Dokumentarfilm

Riise var med i dokumentarfilmen Under snøen (2010), som handla om skredulukka på Rise vinteren 1968, der broren hans omkom. Regissør for filmen var Hilde Ranheim.

Utmerkingar

Arill Riise og Ingvild Bryn blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012 av Nynorsk kultursentrum. Han er òg tildelt Kringkastingsprisen for 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg