Faktaboks

Arild Rein
Fødd
16. mars 1960, Stavanger, Rogaland
Arild Rein.
Av /Samlaget.

Arild Rein er ein mediesky forfattar av hardkokte romanar frå Stavangers tilsynelatande underverd.

Bakgrunn

Arild Rein er fødd i Stavanger i Rogaland. Han tok hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1994 og skreiv hovudoppgåve om Marquis de Sade. Etter hovudfaget arbeidde han i fem år i eit flyttebyrå, fordi han ville kombinere intellektuelt arbeid med hardt kroppsarbeid. Han ynskte òg å få kjennskap til potensielt kriminelle miljø i Stavanger som han kunne nytte i forfattarskapen sin. No arbeider han som forfattar.

Forfattarskapen

Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane. Grisekoret kom i 2001, Kaninbyen i 2005, medan Stavangertrilogien (2007) var ei samleutgåve. Trilogien framstiller Stavanger frå 1970-åra og fram til 2004, og Rein skriv om småkriminelle som lever i skuggen av ein rik oljeby. Språkleg skriv han rått, frekt og utfordrande, med mykje banning, og han gir ein sivilisasjonskritikk når han skriv om menneskeleg fornedring, utnyttig og manipulasjon.

Vintercamping (2007) er eit lesestykke/underhaldningsstykke der sju kvinner møtest på ein bar etter ei gravferd. Den evige fred (2010) er ein mørk satire, med sex, fyll og korrupsjonStortinget i 2021. I 2012 ga Rein ut Songar frå mitt territorium, med underteksten 365 tekstar om kjærleik, vennskap, hat og sorg. Han har skrive manus til filmen Rottenetter, som hadde premiere i 2009. Arild Østin Ommundsen regisserte filmen.

Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipendi 2001 og i 2005 fekk han Sigmund Skard-stipendet. I 2008 blei Rein kåra til Stavanger europeiske kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Boka Kaninbyen blei då trykt i 15 000 eksemplar og delt ut gratis, sjølv om avismeldingane i nærmiljøet hans har vore blanda og til dels svært negative.

Bibliografi

  • Domestiserte dyr (Roman, Samlaget, 2021)
  • Rotteland (Roman, Samlaget, 2019)
  • Krapyl (Kortprosa, Samlaget, 2017)
  • Felttestamente (Roman, Samlaget, 2016)
  • St. Olavs-komplekset (Roman, Samlaget, 2014)
  • Songar frå mitt territorium (Lyrikk, Pelikanen, 2012)
  • Den evige fred (Roman, Samlaget, 2010)
  • Vintercamping: eit underhaldningsstykke (Dramatikk, Samlaget, 2007)
  • Stavangertrilogien (Roman, Samlaget, 2005)
  • Kaninbyen (Roman, Samlaget, 2004)
  • Grisekoret (Roman, Samlaget, 2001)
  • Hundedagane (Roman, Samlaget, 1998)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Reilstad, Jan Inge: "Bare det sanne er vakkert : om Arild Reins Stavanger-trilogi.". Vagant Nr 4 (2004), 11-17

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg