Arild Hoksnes

Faktaboks

Arild Hoksnes
Født
1. desember 1956, Aukra, Møre og Romsdal
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Arild Hoksnes er forfattar, journalist, musikar og humorist.

Bakgrunn

Arild Hoksnes er fødd i Aukra i Møre og Romsdal. Han er sidan 1980 utdanna cand.mag. frå Universitetet i Trondheim (no NTNU), med faga musikk, fransk og historie, og tok masterutdanning i organisasjon og leiing ved NTNU i 2014.

Hoksnes arbeidde som journalist og produsent i NRK Radio i 1977–1991 og som fredagskåsør i NRK Møre og Romsdal i 1995–2010. Han arbeider òg som rettleiar og føredragshaldar. Han skriv både bokmål og nynorsk.

Forfattarskapen

Hoksnes har gitt ut fleire humorbøker. Den første var I – den store romsdalskonspirasjonen (2003). Borti Huttaheiti (2004) er ein humoristisk analyse av næringslivet i regionen. I Exit Møre og Romsdal (2006) skriv Hoksnes om at fylket vil forsvinne som eigen region, og i Artig og artig (2008), med romsdalske humorhistorier, har Hoksnes endeleg fått gjennomslag om at Romsdal ligg mellom Sunnmøre og Nordmøre.

I Kunsten å ta feil (2010) minner Hoksnes lesaren om at ein feil kan bli ein suksess. Den lokalhistoriske boka Historien om Tyholttårnet kom i 2010.

Folkemusikken

Som musikar har Hoksnes vore med i fleire band og skrive bok om gamaldansmusikk. I Vals til 1000 (1988) laga han ei framstilling av framveksten av gamaldansmusikken i Noreg gjennom 200 år. Arild Hoksnes band gav i 2010 ut CD-en Vill Nordvest. Hoksnes har òg vore med i folkemusikkgruppa Hørkelgaddan og Søndre Trondhjems Spellmannslag, starta i 1994 etter initiativ frå Hoksnes.

Utmerkingar

Hoksnes fekk Spellemannprisen for folkemusikk i 1981 saman med Hørkelgaddan og Møre og Romsdal fylkeskulturpris for 2005. I 2012 blei han tildelt Gullruten saman med Per Jarle Heggdalsvik for beste program, «Min ungdoms vår», for NRK Ut i naturen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg