Arian

Arian er eit mannsnamn som er ein nederlandsk variant av Adrian som kjem av det latinske namnet Hadrianus. Det tydde opphavleg ‘mann frå byen Hadria’ (Nord-Italia).

Familien til den romerske keisaren Hadrian (76–138) kom frå byen Hadria.

Namnet har fleire variantar: Adriaan, Arian, Arjan.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 560 menn (fødde i Noreg) som hadde Arian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg