Ardis

Artikkelstart

Ardis er eit nylaga kvinnenamn (1899). Etterleddet -dis er tatt frå namn som Vigdis, Haldis, Hjørdis og Frøydis.

Den fyrste med dette namnet hadde etternamnet Arnesen (dvs. faren, eventuelt ein av bestefedrane, hadde førenamnet Arne). Dermed kan kanskje Ar- i Arne ligge bak nylaginga Ardis.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Augusta Olaug Ardis Arnesen fødd 1899 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ardis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg