Anyang

Artikkelstart

Anyang er ein by i austlege Kina i provinsen Henan, 475 kilometer sørvest for Beijing. Anyang er ein handels- og industriby ved jernbanelinja mellom Beijing og Guangzhou, med 1 547 000 innbyggjarar. Det fins rike førekomstar av kol, jernmalm og marmor; industrien omfattar kjemikalieproduksjon, stålverk og bomullsveveri.

Faktaboks

Også kjent som

安阳市

Nær Anyang låg Yin, hovudstad i Shang-dynastiet i perioden 1384–1111 før vår tidsrekning. Arkeologiske utgravingar starta i 1928, har brakt for dagen ei rekke fortidsminne frå Shang-perioden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg