Faktaboks

A. S. Byatt
Dame AS Byatt, Antonia Susan Byatt
Uttale
bˈaiət
Fødd
24. august 1936, Sheffield, Storbritannia
Død
16. november 2023, London, Storbritannia
Antonia Susan Byatt
Foto fra Lyon i Frankrike i 2007
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

A. S. Byatt var ein britisk forfattar og litteraturkritikar. Ho er best kjend for romanen Besettelse. En romantisk fortelling (originaltittel Possession: A Romance) som ho fekk Bookerprisen for i 1990, og som har påverka og inspirert mange romanforfattarar både i Storbritannia og internasjonalt. Byatt vart adla i 1999 og mottok i 2018 H. C. Andersens litteraturpris. Bøkene hennar er omsette til 38 språk.

Bakgrunn

Antonia Susan Drabble vart fødd i Sheffield i England. Ho og dei tre søskena blei tidleg inspirerte til å lese av foreldra, som stilte store forventningar til barna sine. Det var konkurranse mellom søskena, særleg mellom Antonia og den yngre søstera Margaret Drabble, som seinare blei ein betydeleg romanforfattar.

Antonia Susan Drabble studerte engelsk litteratur ved Newnham College, University of Cambridge, Bryn Mawr College i Philadelphia og Somerville College, University of Oxford. I 1959 gifte ho seg med Ian Byatt. Dei hadde ein son og ei datter. Ho kom aldri over at sonen Charles døydde som elleveåring i ei trafikkulykke. Etter skilsmisse frå Ian Byatt i 1969 gifte ho seg med Peter Duffy, som ho fekk to døtre med.

I 1962 tok Byatt til å undervise ved University of London. I 1972 blei ho universitetslektor i engelsk litteratur ved University College London. Frå og med 1983 var ho forfattar på fulltid.

Forfattarskap

Sjølv om ho er best kjend som skjønnlitterær forfattar, var Byatt også litteraturforskar og litteraturkritikar. Blant anna skreiv ho ein viktig studie av Iris Murdoch, som påverka forfattarskapen hennar. Første romanen, Shadow of a Sun, kom ut i 1964 og The Game i 1967. Etter ein periode prega av sorg over tapet av sonen Charles i 1972, fekk forfattarskapen ein ny start med Jomfruen i hagen (1978). Denne romanen, som gir eit nyansert bilde av oppvekst og lokalmiljø i Yorkshire i tidsrommet rundt kroninga av dronning Elizabeth 2. i 1953, blei første bind i ein tetralogi. Den vart følgd opp av Stilleben (1985), Babels tårn (1996) og En plystrende kvinne (2002).

Vendepunktet i Byatts skjønnlitterære forfattarskap kom i 1990 med romanen Besettelse. En romantisk fortelling, som vann Bookerprisen det året og vart ein internasjonal besteljar. Besettelse blei ein sterk kreativ impuls for romanene ho så skreiv. Blant dei viktigaste er Engler og innsekter (1992) og Barnas bok (2009), som blei innstilt til Bookerprisen. Besettelse inspirerte også Byatt til å skrive fleire noveller etter den første samlinga, Sugar and Other Stories (1987). I 1993 kom den sentrale novellesamlinga Matisse-historier. The Djinn in the Nightingale's Eye (1994) er ei samling eventyr, ein sjanger som betydde mykje for Byatt.

Både i romanane og novellene bearbeider Byatt minne, erfaringar og sinnstemningar frå barndommen sin. Ho utvidar desse fragmenta av minne og erfaringar gjennom ei sterk interesse for myter, legender og eventyr – både som eigne sjangrar og som element i engelsk litteratur, ikkje minst i Victoriatida. Bearbeidinga tar form av forteljingar, og den narrative impulsen er grunnleggjande for Byatts forfattarskap.

Eit illustrerande eksempel er romanen Ragnarok (2011), som er ei slags attforteljing av ei av bøkene som mor hennar hadde gitt henne i barndommen, Wilhelm Wägners Asgard and the Gods. Ragnarok er skriven frå perspektivet til eit barn som lever i ei uroleg tid med verdskrig. I romanen er det som dei vaksne personane, og menneska som desse personane representerer, er innstilte på å øydeleggje både kvarandre og verda dei er fødde inn i. Barnets perspektiv, som skaper ei form for underleggjering, er i forteljinga kopla til variantar av distanse og ironi. Samtidig viser Byatt empati med barna og med personar som er fattige og makteslause.

Besettelse

Sjølv om Ragnarok og ei rekke andre av Byatts romanar er viktige bidrag til engelsk romankunst, står like fullt Besettelse i ei særstilling i forfattarskapen. Besettelse illustrerer den russiske litteraturforskaren Mikhail Mikhajlovitsj Bakhtins teori om at romanen er ein fleksibel sjanger som kombinerer og tar opp i seg andre sjangrar. Byatt kombinerer brev frå 1800-talet, romanse, dikt, fablar og dagbøker. Ho legg alle desse sjangrane, som inngår i fiksjonen ho skaper, inn i eit plott som på eitt nivå er ein litterær detektivroman – men som i sum er mykje meir enn det.

Romanen opnar med at Roland Mitchell, ein nyutdanna akademikar, sit og les i London Library. Medan han ser på ei bok av ein victoriansk poet som Byatt dikta opp, Randolph Henry Ash, oppdagar Ronald utkast til kjærleiksbrev mellom arka i boka. Dette er svært overraskande sidan litteraturforskarar alltid har meint at Ash var lykkeleg gift.

Roland blir så fascinert av brevutkasta at han smuglar dei ut av biblioteket for å prøve å finne ut kven Ash hadde addressert dei til. Han konkluderer med at den mest sannsynlege mottakaren er Christabel LaMotte, ein annan (også oppdikta) viktoriansk diktar. Roland møter Maud Bailey, ein litteraturforskar som er i slekt med LaMotte. Saman drar dei til landsbyen der LaMotte budde, og der oppdagar dei ein bunke kjærleiksbrev mellom LaMotte og Ash. Det blir etter kvart klart at LaMotte fekk eit barn med Ash, men sidan dette var skandaløst i Victoriatida, måtte det haldast skjult.

Parallelt med at Roland og Maud kjenner ei form for eigarskap til kjærleiksbreva mellom Ash og LaMotte i Victoriatida, opplever dei gradvis tiltrekking til kvarandre i romanens notid. Slik intergrerer Byatt to tidsepokar og to kjærleikshistorier i kvarandre. Brevet – den viktige, men sårbare forma for kommunikasjon som brevet utgjer i victoriansk litteratur – spelar ei nøkkelrolle.

Tittelordet «possession» samlar i seg fleire av ideane og kjenslene som Byatt utforskar i romanen. Som den norske tittelen Besettelse signaliserer, blir forholdet mellom Ash og LaMotte ein besettelse for Roland, og etter kvart også for Maud. I tillegg spelar «possession» på eigarskap, kontroll og makt. Maud vil ikkje at ein mann skal «eige» henne, og på ein måte vil heller ikkje LaMotte det. Begge er sjølvstendige kvinner for si tid. Dette viser noko av kompleksiteten i Besettelse: Samtidig som undertittelen «romanse» knyter romanen til romanseinnslag i for eksempel Jane Austens Fornuft og følelse (1811), støttar andre trekk ved same romanen (særleg karakteriseringa av Maud og LaMotte) Austens kritikk av eit mannsdominert England på 1800-talet – eit urettferdig samfunn der kvinner ikkje hadde stemmerett og menn systematisk blei forfordelte ved arv.

Eit relatert aspekt av eigarskap gjeld akademisk eigarskap og prestisje. Her er Byatt kritisk og til dels sarkastisk overfor det moderne universitetet og forskarens ønske om å bli kjend og sitert. Denne sida ved romanen blir tydeleg då Roland og Maud, som er den dyktigaste litteraturforskaren av dei to, må konkurrere med ein annan forskar som med tanke på eiga vinning og karriere jaktar på kjærleiksbrev som kanskje har overlevd i grava til Ash.

Innslaga av humor i denne delen gjeld også framstillinga av andre sider ved tematikken i romanen. Byatt er ein intellektuell forfattar i den forstand at ho er opptatt av idear og haldningar, men i Besettelse står personanes kjensler også sentralt, og dei blir framstilt med innsikt, vidd og humor. Som fiksjon undersøkjer romanen korleis dei to kvinnelege og dei to mannlege hovudpersonane kan skape eit godt samspel mellom det å vere sjølvstendig og uavhengig frå partneren på den eine sida og nær og tillitsfull til den same partneren på den andre.

Fortida og menneskes relasjon til si eiga historie (både i eigen familie og i samfunnet dei lever i) står sentralt i Besettelse. Byatt viser stor kunnskap om og innsikt i Victoriatida, men sidan ho gjer dette gjennom den litterære fiksjonen ho skaper, viser ho også at det er mykje i denne tidsperioden verken ho eller lesaren veit noko sikkert om og dermed heller ikkje kan forstå. Den narrative etikken i romanen blir særleg tydeleg i demonstrasjonen av kor sterkt fortida er prega av menneskets avgrensa kunnskap og minnefragment. Når Byatt i eit etterord (som er ein del av romanen) gir lesaren essensiell informasjon om Ash som Roland og Maud ikkje har, viser ho kor mystiske og vanskelege å forstå LaMotte og Ash er sidan tidsavstanden er så stor og samfunna så forskjellige.

Påverknad og aktualitet

Byatt, som hadde ein uvanleg lesekapasitet, lét seg inspirere av det ho las i litteraturen ho skreiv. I tillegg til at ho var ven av Iris Murdoch og påverka av Murdochs fiksjon og filosofi, vidarefører ho tradisjonen frå dei engelske romanforfattarane på 1800-talet, særleg George Eliot. Ho var også opptatt av den engelske og europeiske romantikken.

Byatt støtta og påverka ein ny generasjon britiske forfattarar, inkludert Ali Smith, Philip Hensher og Zadie Smith. Ho har også inspirert mange forfattarar internasjonalt. Aktualiteten hennar blir skapt av den nyanserte og overbevisande litterære framstillinga som den samla forfattarskapen gir av menneskes livsvilkår, spørsmål og kommunikasjonsutfordringar i moderne, komplekse samfunn. Ein roman som Besettelse viser at for å forstå slike samfunn, må vi knyte samfunnet til dei historiske prosessane som har skapt det, og som vi er prega av.

Novellesamlingar

  • Sugar and Other Stories (1987). London: Chatto & Windus.
  • The Matisse Stories (1993: Chatto & Windus). Omsett til norsk av Merete Alfsen med tittelen Matisse-historier.
  • Elementals: Stories of Fire and Ice (1998). London: Chatto & Windus.
  • Medusa's Ankles: Selected Stories (2021). London: Chatto & Windus.

Essaysamlingar, antologiar og kritiske studiar

  • Degrees of Freedom: The Early Novels of Iris Murdoch (1965). London: Chatto & Windus.
  • Wordsworth and Coleridge in their Time (1970). London: Nelson.
  • George Eliot: Selected Essays, Poems and Other Writings (red. med Nicholas Warren, 1989). London: Penguin.
  • On Histories and Stories: Selected Essays (2000). London: Chatto & Windus.
  • Portraits in Fiction (2001). London: Chatto & Windus.
  • The Oxford Book of English Short Stories (red. 2009). Oxford: Oxford University Press.

Omsetjingar til norsk

  • The Virgin in the Garden (1978). Jomfruen i hagen. Omsett av Knut Johansen. Oslo: Pax, 2004.
  • Still Life (1985). Stilleben. Omsett av Knut Johansen. Oslo: Pax, 2004.
  • Possession: A Romance (1990). Besettelse. En romantisk fortelling. Omsett av Merete Alfsen med gjendiktninger av Knut Johansen. Oslo: Pax, 1997. Oslo: Den Norske Bokklubben, 2003.
  • Angels and Insects (1992). Engler og insekter. Omsett av Knut Johnansen. Oslo: Pax, 1998.
  • The Matisse Stories (1993). Matisse-historier. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Pax, 1999.
  • Babel Tower (1996). Babels tårn. Omsett av Knut Johansen. Oslo: Pax, 2005.
  • The Biographer's Tale (2000). Bigrafens beretning. Omsett av Knut Johansen. Oslo: Pax, 2002.
  • A Whistling Woman (2002). En plystrende kvinne. Omsett av Knut Johansen. Oslo: Pax, 2006.
  • The Children's Book (2009). Barnas bok. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2011.
  • Ragnarok (2011). Ragnarok. Gudenes død. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Cappelen Damm, 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael (2013). A History of English Literature. London: Palgrave Macmillan.
  • Gorski, Hedwig (2018). The Riddle of Correspondences in A. S. Byatt's "Possession: A Romance" with H. D.'s Trilogy. New Orleans: Jadzia Books.
  • Hensher, Philip (2001). "A. S. Byatt. The Art of Fiction". Intervju i The Paris Review, nr. 169.
  • Hicks, Elizabeth (2010). The Still Life in the Fiction of A. S. Byatt. Newcastle upon Tyne: Cambridge Scholars.
  • Marcus, Laura and Peter Nicholls (2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg