Faktaboks

Anton Solheim
Fødd
5. september 1897, Austrheim, Nordhordland
Død
29. august 1998

Anton Solheim var ein norsk forfattar, lærar og lokalhistorikar. Han skreiv barnebøker der vi følgjer barn på landsbygda i deira eigne omgivnader.

Bakgrunn

Anton Solheim arbeidde som fiskar, gardsarbeidar og skogsarbeidar, før han i 1929 tok lærarskuleeksamen i Volda. Same året kom han attende til heimbygda, der han arbeidde som lærar fram til han vart pensjonist i 1964.

Barnebøker

Solheim skreiv forteljingar frå bygdemiljø han sjølv kjende til, slik mange nynorskforfattarar gjorde i mellomkrigstida. Barnebøkene hans er spennande forteljingar med tydelege retningslinjer om kva som er rett og gale. Barna i bøkene møter utfordringar som dei oftast må løyse utan vaksen hjelp. Kring barna finst det nokre autoritetar som viser veg: læraren, lensmannen og presten.

Solheim debuterte med Austbøgutane i 1935. Deretter kom Sørgardsvikingane (1936), Gunnar og dei andre (1937), Nordviksgutane (1938), Gutane på Sandvoll (1939, ny utgåve 1945) og Då leiken vart alvor (1940).

Etter andre verdskrigen kom Då han farbror kom (1946) og deretter Buvikfolket (1947). Buvikfolket er den første boka i ein serie, og framhaldet Då far var i England kom to år etter. Det er tydeleg at ei tredje bok i serien var planlagd, men denne boka kom aldri. Etter ein pause kom så Spring for livet, gjenter! i 1957, og til slutt Byguten som kom til Sjursgarden i 1978.

Lokalhistorie

Frå 1948 og utover leverte Solheim mykje materiale til Norsk etnologisk gransking ved Norsk FolkemuseumBygdøy, der han fortel om arbeids- og levemåte, tru og skikkar og matstell i heimtraktene i eldre tider.

Solheim skreiv også Bygdebok for Austrheim, som vart utgitt av Austrheim sogelag i 1972. Arbeidet med denne boka vart finansiert gjennom ei pengegåve frå lærar Peder Bergsvik.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Budal, O. (1997): Festskrift i høve Anton Solheim sin hundreårsdag 5. september 1997. Austrheim: Austrheim kyst- og sogelag og Austrheim kommune

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg