Anstein Myhr

Faktaboks

Anstein Myhr
Født
21. januar 1866, Vang i Hedmark
Død
19. august 1936, Gjøvik

Anstein Myhr var ungdomslagsorganisator, venstrepolitikar og revisjonssekretær. Han var sentral i skipinga av Noregs Ungdomslag og den første skrivaren i styret.

Anstein Myhr var fødd i Vang i Hedmark, og voks opp på garden der foreldra var gardsarbeidarar hos farbroren Nils. I 1886 tok han examen artium ved Hamar gymnas og deretter første klasse ved krigsskulen (1890).

Frå 1891 arbeidde han som funksjonær i eit advokatfirma i Kristiania, og i 1908–1916 hadde han ei eigedomsforretning. I 1916–1918 dreiv han ein gard i Nittedal og i 1918–1923 eit gods i Sverige, før han frå 1924 fekk tilsetjing i statsrevisjonen ved Raufoss ammunisjonsfabrikker, der han var til 1936.

Myhr la i 1890-åra ned eit stort arbeid i Venstre og ungdomslagsrørsla. I ungdomslaget Fram (skipa 1892) var Myhr formann det meste av tida mellom 1893 og 1900, og han representerte laget i hovudstyret for Kristiania Venstre i 1895–1999. Som formann i Fram var han ei drivkraft bak skipinga av Eidsiva ungdomslag (1895) og Noregs Ungdomslag (1896). Myhr var ordstyrar på skipingsmøtet til Noregs Ungdomslag og skrivar og den sterkaste krafta i styret dei to første åra. Han spela ei vesentleg rolle både for at Noregs Ungdomslag vart skipa, og for at banda til Venstre vart så tette.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Myhr, Anstein (1921): «Frå dei fyrste arbeidsåra», i Sven Moren og Edvard Os (red.): Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo: Noregs Ungdomslag. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hoel, Oddmund L. (2011): Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo: Det Norske Samlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg