Anny er eit kvinnenamn som er engelsk kjæleform av Ann og Anne.

Namnet har fleire variantar: Anni, Annie, Anny.

Namnedag er 13. august. Anine og Ann har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 718 kvinner i Noreg som hadde Anny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Anny.

Utvikling i bruk av namnet

Dei engelske tostava kvinnenamna på -y (med variantar på -ie og -i) var mest populære i perioden 1915–1924. I tillegg til Anny og Annie gjeld dette til dømes Mary, Lilly, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy.

Utvikling i bruk av namnet Anny frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Anny frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anny på 1800-talet.

Anny var klart mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anny på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Anny var klart mest brukt i Troms.

Historisk bruk av namnet Anny
Historisk bruk av namnet Anny
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg