Annemor er eit kvinnenamn som er kjæleform av Anne.

Fornamn på -mor er kjæleformer der -mor har mista si opphavlege tyding og fått funksjon som kjælenamnsuffiks. Eit anna døme er Lillemor. Noko liknande gjeld kjæleformer på -mann brukt på gutar, til dømes Arnemann og Olemann, der -mann har fått funksjon som kjælenamnsuffiks.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Annemor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg