Anne Viken

Faktaboks

Anne Viken
Anne Bergitte Viken
Født
10. august 1979, Bygstad, Vestland
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Anne Viken er veterinær, forfattar og samfunnsdebattant. Ho har gitt «hestebøker» ein ny og høgare standard.

Bakgrunn

Anne Bergitte Viken er fødd i Bygstad i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho er utdanna veterinær frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og har mastergrad i internasjonale studium frå Universitetet i Oslo (2012). Viken har arbeidd som journalist i avisene Firda, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Klassekampen. Ho er også elles ein engasjert skribent og bloggar, og har publisert ei mengd med artiklar og kronikkar i ulike aviser.

Forfattarskapen

Viken sitt skjønnlitterære språk er lett tilgjengeleg og gir ei eiga kraft til spenningstoppane. Debutboka, XXX (2010), er ei samling kortprosatekstar som handlar om storbylivet og om å slette menneske, til dømes eks-kjærastar, frå fortida. Den tredelte samlinga tematiserer mangel på tid og relasjonar som går tapt, og har ein bodskap om at ein må leve her og no. Viken skriv vanlegvis på nynorsk, men valde å skrive denne samlinga på bokmål, med eit ønskje om å skape distanse til forteljarstemma og framheve at dette er fiksjon.

Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012) er ein serie om den hesteglade ungjenta Elise. Viken friskar opp sjangeren med fart og spenning, gamle mytar og overtru, kombinert med eit lærerikt stoff, som syner ekte kjærleik til dyr og veterinæryrket. Ho haustar frå eiga erfaring som dyrlege og skriv skildringar som ligg nær røyndomen. Helten i bøkene er ei fryktlaus og sympatisk ung jente, kunnskapstørst og full av pågangsmot. Elise har sommarjobb som assistent for dyrlegeonkelen sin, Kalle, og drøymer om sjølv å bli dyrlege ein dag.

Bibliografi

  • Elise og mysteriet på hesteøya (Barnebok, Samlaget, 2014)
  • Elise og mysteriet på hesteklinikken (Barnebok, Samlaget, 2013)
  • Elise og mysteriet med dei døde hestane (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • XXX (Kortprosa, Flamme, 2010)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg