Anne Osvaldsdatter Bjørkli

Faktaboks

Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Født
26. januar 1951, Balsfjord, Troms og Finnmark

Artikkelstart

Anne Osvaldsdatter Bjørkli er forfattar frå Balsfjord i Troms (no Troms og Finnmark). Bøkene hennar for barn og ungdom tek for seg alvorlege tema, men ofte med ein humoristisk vri.

Bakgrunn

Anne Osvaldsdatter Bjørkli er fødd i Balsfjord i Troms (no Troms og Finnmark). I åra 1964–1965 var ho elev ved Sand framhaldsskole, frå 1966 til 1969 gjekk ho Balsfjord kommunale realskole, og i 1971 gjekk ho på Moldenæs Handelsskole i Tromsø. Ho var student ved forfattarstudiet i Tromsø i 1993–1994. Ved sida av forfattarkarrieren har Bjørkli arbeidd som gardbrukar, kontormedarbeidar, sekretær og konsulent.

Forfattarskapen

Bjørkli debuterte som forfattar i 1991 med barneboka Ei jente for mye? (illustrert av Dagfinn Bakke). Ei jente for mye? tematiserer søskensjalusi og venskap. Handlinga i boka utspelar seg i ei bygd i Nord-Noreg, og replikkane er skrivne på nordnorsk dialekt. Barneboka Ka no, Dokketrine (illustrert av Rita Marhaug) kom i 1995, og i 1998 kom både barneboka Med blåbærsaft på leppene (illustrert av Birgitta Sondresen) og diktsamlinga Mantel. Dikta i Mantel er prega av sanselege bilete, både visuelle, auditive og olfaktoriske (som gjeld lukt). Naturelement som vind, eld og vatn spelar ei sentral rolle i dikta. Biletboka Herr Finkel (illustrert av Anna Fiske) frå 2014 tematiserer eteforstyrringar på ein humoristisk måte.

Bjørkli har òg arbeidd som omsetjar og biletkunstnar. På utstillinga Pussig på papir (2013) stilte ho ut tusjteikningar. Ho har omsett romanen Mens elva sover (When the River sleeps) av Easterine Kire, som kom ut på norsk i 2018.

Utmerkingar

Bjørkli fekk tildelt Blixprisen i 2012 for biletboka Huskereisa (illustrert av Sissel Horndal). Huskereisa, som tematiserer mobbing blant barn. Det er ei gripande forteljing om korleis Julia opplever å bli halden utanfor. Juryen grunngav tildelinga mellom anna med at Bjørkli her vågar å «ta tak i tema som riv, sjølv om lesaren er ung.»

Bibliografi

  • Herr Finkel (Barnebok, Margbok, 2014)
  • Huskereisa (Barnebok, Margbok, 2009)
  • Når begeret er fullt (Ungdomsbok, Eide, 2004)
  • Romund Olsen og godstolen (Billedbok, Eide, 2002)
  • Med blåbærsaft på leppene (Barnebok, Eide, 1998)
  • Mantel (Lyrikk, Orkana forlag, 1998)
  • Ka no, Dokketrine (Barnebok, Eide, 1995)
  • Ei jente for mye? (Barnebok, Aschehoug, 1991)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg