Anne Johanne Kvale

Faktaboks

Anne Johanne Kvale
Født
11. juli 1924, Førde (i dag Sunnfjord), Vestland
Død
6. desember 2015, Førde (i dag Sunnfjord), Vestland

Artikkelstart

Anne Johanne Kvale var journalist, politikar og organisasjonsmenneske. Ho markerte seg særleg når det gjaldt fråhaldssak, kriminalomsorg, kvinnesak og forsvarssak.

Anne Johanne Kvale var fødd i Førde. Den første journalistjobben hennar var i avisa Firda, der ho arbeidde frå 1946 til 1951. Hennar siste jobb var òg som journalist i KrF-avisa Folkets Framtid 1971–1991, og hadde si eiga spalte: «Frå min ståstad».

Frå 1956 til 1961 var ho landssekretær i Norges Bondekvinnelag, samtidig som ho tok utdanning som sosionom. Seinare arbeidde ho mellom anna som informasjonssekretær i Landsforeningen mot Kreft og som landssekretær i Kristeleg Folkepartis Kvinner. Kvale hadde ei rekkje verv, mellom anna som styremedlem i Norske Kvinners Nasjonalråd, Avholdsfolkets landsnemnd, Det Hvite Bånd og Kriminalomsorg i Frihet. Ho var dessutan bystyremedlem i Oslo for KrF og medlem av tilsynsrådet for Ullersmo landsfengsel.

Kvale skreiv to bøker om Kristeleg Folkepartis Kvinner og redigerte i tillegg ei rekkje meldingsblad og tidsskrift, både for Norges Bondekvinnelag, Norske Kvinners Nasjonalråd, Landsforeningen mot Kreft og Kvinners Frivillige Beredskap. Ho var den første kvinnelege leiaren i Sunnfjordlaget i Oslo og var ein aktiv bidragsytar til lokalhistoriske skrifter i heimbygda, først og fremst Jul i Sunnfjord. I 1994 gav ho ei boksamling på 6000 bind til Førde bibliotek.

Kvale vart i 2009 heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg