Anne-Grete Strøm-Erichsen

Faktaboks

Anne-Grete Strøm-Erichsen
Født
21. oktober 1949, Bergen

Anne-Grete Strøm-Erichsen var forsvarsminister frå 2005 til 2009 og 2012 til 2013, og helse- og omsorgsminister frå 2009 til 2012. Foto frå 2009.

Artikkelstart

Anne-Grete Strøm-Erichsen er ein norsk dataingeniør og politikar. I Stoltenberg si andre regjering var ho både forsvarsminister og helse- og omsorgsminister.

Bakgrunn

Anne-Grete Strøm-Erichsen er fødd i Bergen. Ho tok examen artium, reallinja, ved Langhaugen gymnas i 1968. I 1974 blei ho uteksaminert som EDB-ingeniør frå Bergen ingeniørhøgskole (no Høgskolen i Bergen), og ho studerte ved South Dakota School of Mines & Technology i 1980–1981.

Strøm-Erichsen var operatør ved EDB-avdelinga ved Universitetet i Bergen i 1974–1977, programmerar ved Nordisk institutt same staden i 1977–1984, systemkonsulent og systemsjef ved GPI AS i 1984–1987, dagleg leiar i Talesystemer AS i 1987–1988, seniorkonsulent i Siemens Nixdorf i 1988–1991 og i BDC AS i 1991–1995. Frå 1995 til 2013 var ho heiltidspolitikar. I 2014 blei ho partnar og rådgivar i det nordiske rådgivingsselskapet Rud Pedersen.

Politisk karriere

Lokalpolitikar i Bergen

Frå 1991 var Strøm-Erichsen medlem av formannskapet og bystyret i Bergen, og frå 1995 til 1998 kommunalråd for skule, inntil ho tok over som varaordførar i 1998. Etter valet i 1999 blei ho den første kvinnelege ordføraren i Bergen (1999–2000), og då Bergen innførte byparlamentarisme i 2000, blei ho den første byrådsleiaren (2000–2003). I hennar tid som byrådsleiar blei Bybanen i Bergen vedteken, tenkt som ryggrada i kollektivsystemet i byen. Ho var leiar for Arbeidarpartiet i Hordaland i 1998–2000 og var medlem av sentralstyret i partiet i 2002–07. Ho var også medlem i bystyret i Bergen 2003–2005.

Rikspolitikar

Frå 2005 til 2013 var ho vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland, men var heile perioden statsråd for Arbeidarpartiet i koalisjonsregjeringa av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Ho var forsvarsminister i 2005–2009, helse- og omsorgsminister i 2009–2012 og forsvarsminister att 2012–2013.

Som politikar har Anne-Grete Strøm-Erichsen vore oppteken av sosial rettferd og sterk offentleg satsing på skule og helse. Då ho var forsvarsminister, var den norske innsatsen i Afghanistan stadig eit utfordrande tema. I stillinga som helseminister la ho vekt på arbeidet med kvalitet i helsetenestene, pasienttryggleik og bruk av IKT i helsevesenet.

Andre verv

Strøm-Erichsen har vore leiar av styret for Bergen Lysverker i 1995–1997, Kulturby Bergen i 1998–2000 og Vest-Norges Brussel-kontor i 2002–2004. Ho var leiar for den offentlege utgreiinga Energi- og kraftbalansen mot 2020 i 1997–1998 og har vore medlem i styret for Kommunenes Sentralforbund i 2004–2005. I 1999–2001 var ho president i Organization of World Heritage Cities, og ho var medlem i Europarådet i 2004–2005. Frå 2020 er ho styreleiar i Tankesmien Agenda.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg