Annbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Arn-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘berging’. I nokre tilfelle kan Annbjørg også vere ei samanskriving av dobbeltnamnet Ann Bjørg.

Namnet har fleire variantar: Ambjørg, Anbjørg, Annbjørg, Arnbjørg.

Namnedag er 26. mai. Annlaug har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Annbjørg

Eksempel på ein person med namnet Annbjørg som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 830 kvinner i Noreg som hadde Annbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Annbjørg som var mest brukt 1940–1944.

Utvikling i bruk av namnet Annbjørg frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Annbjørg frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Annbjørg på 1800-talet.

Annbjørg var mest brukt i Hedmark og Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Annbjørg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Annbjørg var mest brukt i Hedmark og Buskerud. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Annbjør.)

Historisk bruk av namnet Annbjørg
Historisk bruk av namnet Annbjørg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg