Faktaboks

Anna Skeide

Anna Paulsen (fødenamn)

Fødd
12. juni 1910, Ørsta, Møre og Romsdal
Død
13. oktober 1980, Humla i Ålesund, Møre og Romsdal

Anna Skeide var ein modernistisk lyrikar. Frå enkle oppvekstskår ved kysten, utan utdanning og med eit tradisjonelt kvinneliv som livsform, steig ho i moden alder fram som ein myndig lyrikar med originale og stilsikre dikt.

Biografi

Anna Skeide blei fødd i ØrstaSunnmøre. Ho hadde inga utdanning etter ungdomsskulen, berre kortare kurs. Ho arbeidde ei tid på meieri. Som ung lærarkone budde ho i nokre år på Herøy på Sunnmøre, før familien i 1939 flytta til Ålesund.

Lyriker

Skeide debuterte i moden alder med Ro din båt over vatnet i 1964 og skreiv ti diktsamlingar. Den siste, Timen før natt, kom ut posthumt i 1981. Dikta er stillfarande i tonen, reinskorne i stil og biletbruk og mangslungne i stemning og tematikk. Motiva er ofte henta frå naturen, særleg sjøen og havet. Dikta inneheld også sivilisasjonskritikk og kommentarar til samtida.

Eit stort lyrisk talent i samtida og «med myndighed og en hemmelighetsfuldhed som få», skreiv den danske kritikaren Poul Borum om Anna Skeide i 1979. Denne vurderinga vekte oppsikt i det norske litterære miljøet og auka interessa for dikta hennar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Fra Brekke til Mehren. 1945–65, Cappelen, Oslo 1996 s. 517–519
  • Poul Borum: "Sola, mor, gi meg sola! 150 norske digtsamlinger 1976-79". I Basar 4/1979.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg