Faktaboks

Anna Kleiva
Fødd
13. mai 1985, Oslo
Anna Kleiva
Anna Kleiva
Av .

Anna Kleiva er ein norsk forfattar og omsetjar. Ho debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011.

Bakgrunn

Anna Kleiva er fødd i Oslo og vaks opp på Vinstra. Ho har teke forfattarstudiet i (2007), gått på Skrivekunstakademiet i Bergen (2008), har bachelorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2010) og bachelorgrad i fransk frå Universitetet i Oslo (2014). Ho har skrive for Norsk Tidend og Norsk Barneblad frå 2006 til 2015 og har gjort fleire turnear for Den kulturelle skulesekken i 2015–17.

Forfattarskap

Kleiva har gitt ut tre diktsamlingar og i tillegg gjendikta utanlandske lyrikarar. Dikta er lett tilgjengelege, men inneheld mange overraskingar og uvande kombinasjonar. Kleiva skriv personleg om kommunikasjon og relasjonar, om sorg, kjærleik og reiser. Språket har eit sterkt og friskt drag, og dikta gir ei kjensle av fri flyt, der tematikken tidvis spelar ei underordna rolle, medan språk og form har hovudrolla.

Tema

Debuten Ti liknande versjonar (2011) sirklar rundt det å byggje ein identitet og har eit tydeleg personleg perspektiv. Vårar seinare (2014) har òg sitt utspring i eigne erfaringar og eigen oppvekst, men gir likevel stemmer til fleire. Dette er ei bygdeforteljing i lyrisk drakt, der dikta tematiserer ulukker og tung sorg. Døden på vegen er eit sentralt motiv. I Drikkeviser frå Paris (2016) skaper forfattaren ei surrealistisk verd i vekslinga mellom røyndom og fantasi, visuelle skildringar og bastant handling. Livet i den franske hovudstaden Paris vert fletta saman med tradisjonelle norske kulturelement, i eit underleg, men vellukka og nyskapande samspel. I 2018 gav ho ut prosaboka Echo Mountain – forteljingar frå L.A.

Utmerkingar

For Vårar seinare fekk Kleiva Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014, og i 2015 fekk ho Melsomprisen. I 2015 fekk forfattaren òg Bjørnsonstipendet og Diktardagarprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg