Faktaboks

Anna Laetitia Barbauld

fødd Aikin

Uttale

ba'bou

Fødd
20. juni 1743, Kibworth Harcourt, Leicestershire, England
Død
9. mars 1825, Stoke Newington, England
Stikk
Samtidig portrett av Anna Laetitia Barbauld.
Av /National Portrait Gallery.

Anna Laetitia Barbauld var ein engelsk diktar, lærar og barnebokforfattar som var velkjend og mykje brukt i si samtid og dei neste hundre år, men sidan gløymd. Den første diktsamlinga, Poems i 1773, og den siste Eighteen Hundred and Eleven i 1812, utgjer ytterpunkta i eit forfattarskap som også omfattar lesebøker og redigerte tekstsamlingar.

Familie

Det var faren John Aikin, lærar og dissentarprest, som lærte Anna Laetitia å lese i treårsalderen, og som etter kvart underviste henne i klassiske og moderne språk og fag som vanlegvis berre var for gutar. Som vaksen vart ho sjølv lærar på ein guteskule som ho dreiv saman med ektemannen Rochemont Barbauld. Paret fekk ingen eigne barn, men adopterte ein nevø, og barnebøkene var nok tenkt både til han og elevane på skulen.

Barnebøker

Faksimile
Tittelbladet til Lesestykke for born, Del I, 1801.

Som pedagog og lærebokforfattar var Barbauld ein pioner i å skrive for barn, etter barna sine eigne føresetnader og interesser. Ho delte opp lesebøkene etter alderssteg, og lærte barna mykje om natur og samfunn samstundes med innlæringa av bokstavar og tal. Ho var ein typisk representant for opplysingstida i vekta på kunnskap og danning.

Om romanen

Som redaktør gjorde Barbauld eit stort arbeid med å gje ut ein serie utvalde romanar, The British Novelists i femti bind, eit verk som bidrog til at romanen fekk status som seriøs sjanger i litteraturhistoria. Dessutan gav ho ut samla brev og tekstar i utdrag av Samuel Richardson saman med den første biografien om han.

Politisk engasjement

Som politisk stemme var Barbauld sterkt påverka av ideala i den franske revolusjonen, og skreiv mot slaveri og mot undertrykking av fattige, kvinner og dissentarar. Ho møtte motstand frå lesarane då ho i den siste diktsamlinga talte mot Englands krig mot Frankrike under Napoleon, folk meinte ho ikkje var patriotisk nok i sin skepsis mot øydeleggjande krigføring.

Romantisk dikting og omdøme

Foto
Minneplakett, 113 Stoke Newington Church Street, Hackney, London
Av .

Som diktar var Barbauld inspirasjonskjelde og forløpar for dei seinare så feira mannlege romantikarane William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge, og den siste skal ha gått førti engelske mil for å treffe diktarinna. Beundringa tok slutt då ho seinare kritiserte eit av Coleridge sine dikt, og dei to tok avstand frå henne. Då det vart deira tur til å verte feira, var hennar stjerne dalande, og som poet kom ho etter kvart i skuggen av dei. Slik går det opp og ned med litterær status, men Anna Laetitia Barbauld si rolle og plass er blitt gjenoppdaga i seinare år.

Utvalde verk

  • Poems 1773
  • Lessons for Children (fire bind) 1778–1779
  • Hymns in Prose for Children 1781
  • The Correspondence of Samuel Richardson (seks bind) 1804
  • The British Novelists (femti bind) 1810
  • Eighteen Hundred and Eleven 1812

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lim, Jessica, Lessons after Barbauld: The Conversational Primer in Late Eighteenth-Century Britain, University of Cambridge, doktoravhandling, 2019.
  • McCarthy, William, Anna Letitia Barbauld: New Perspectives, Bucknell University Press, 2013.
  • McCarthy, William, Anna Letitia Barbauld: Voice of the Enlightenment, Johns Hopkins University Press, 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg