Ann Kavli

Faktaboks

Ann Kavli
Født
17. september 1960, Åndalsnes i Rauma, Møre og Romsdal
Av .

Artikkelstart

Ann Kavli er lyrikar og prosaist som også arbeider med kunstfag, bokillustrasjon og performancekunst.

Bakgrunn

Kavli er fødd på Åndalsnes i Møre og Romsdal. Ho er cand.mag. med eksamen frå Lærarhøgskulen i Volda (no Høgskulen i Volda) i 1984 og tok nordisk grunnfag ved Distriktshøgskulen i Volda (no Høgskulen i Volda) i 1980. I tillegg har ho toåring utdanning i media og journalistikk frå Distriktshøgskulen i Volda (1984 til 1986). Kavli gjekk på forfattarstudiet i Bø i 1990 og tok kunstfag ved Strykejernet Kunstskole i Oslo 1996 til 1998.

Ho har arbeidd som journalist, redaktør, filmprodusent og informasjonsleiar, og ho har halde skrivekurs for barn og vaksne, mellom anna ved Folkeuniversitetet i Oslo, i ungdomsskulen og på vidaregåande skular.

Forfattarskapen

Ann Kavli har fått ros av kritikarane for original og personleg språkkunst. Ho skriv knappe og tette kortdikt med uventa biletkombinasjonar og stilblandingar.

Kavli debuterte 31 år gammal med diktsamlinga Noko skal hende deg i 1991. Ho har òg gjeve ut fire diktsamlingar med om lag fem års mellomrom: Akvatinter (1996), Å hekle ein laks (2000), Flytt (2005) og Ut av juli (2011). Ho skriv òg romanar og dramatikk.

Kropp og sansing

Som hos Eldrid Lunden er poesien ei stemme og eit sanseapparat for kroppen. Samstundes opplever og observerer poeten verda rundt seg. Det er ein fin balanse mellom det tilbakehaldne og det sagde i dikta hennar. Koplingar av ord og bilete frå fleire stilnivå gjer uttrykket overraskande, og humor og alvor får spela saman. Stemma vandrar mellom «eg» og «du» og flyttar seg stadig i temperament og kjensler, i stader, tid og rom.

Identitet og frigjering

I romanane Fire fargar seinare (1993) og Delfinens smil (1995) og prosaboka Alt er som det skal vere (1998) skriv Kavli poetisk prosa over dei same tema som i diktsamlingane. Det dreiar seg om dei store spørsmåla: kjærleik, død, sorg, skaping og identitet, utvikling og frigjering.

Samtale med biletkunsten

Det er eit særpreg hos Kavli at tekstane i så stor grad er forma som små kommentarar til andre kunstverk. I dikta i Akvatinter tek ho lesaren med på kunstomvising og reflekterer over bilete av mellom anna Jens Johannesen og Ørnulf Opdahl, Synnøve Anker Aurdal og Ludvig Eikaas, Lucien Freud og Jakob Weidemann.

I diktsamlinga Å hekle ein laks samtaler ho med samtidskunstnaren Francis Bacon, samtidig som boka krinsar rundt barndom og, litt surrealistisk, handlar om ein sel og ei kone som sit i ei elv og heklar.

Tverrfagleg kunstnar

Ann Kavli skriv også dramatikk. Spøkelset som ikkje ville spøke er teater for born og skrive til Vossa-Jazz (1997). Dette seier vi ikkje til nokon (7 scenebilde) er eit drama for vaksne basert på biletkunstnaren Vasilij Kandinskij si diktsamling Klänge (1998).

Kavli arbeider med kunstuttrykk som biletkunst, illustrasjon og performancekunst. Som biletkunstnar har ho hatt fleire utstillingar. Saman med performancekunstnar Liv Reidun Brakstad stod ho for framsyninga «Enda et dukkehjem» i Ibsen parkeringhus i Oslo 1988 og «Hvit dame» ved Strykejernet Kunstskole i Oslo 1998.

Verv

Ann Kavli var medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening i perioden 2001 til 2007, og var leiar frå 2005 til 2007. Frå 2010 til 2012 sat ho i styret for Den norske Forfatterforening. Ho vart òg oppnemnd av Kulturdepartementet som medlem av utvalet for Statens kunstnarstipend for åra 2014 til 2017.

Utmerkingar

Kavli fekk Alfred Andersson-Rysst pris i 1998.

Bibliografi

  • Alle må være glade (Barnebok, Margbok, 2014)
  • Ut av juli (Lyrikk, Margbok, 2011)
  • Flytt (Lyrikk, Samlaget, 2005)
  • Å hekle ein laks (Lyrikk, Samlaget, 2000)
  • Alt er som det skal vere (Prosa, Samlaget, 1998)
  • Dette seier vi ikkje til nokon (Dramatikk, 1998)
  • Spøkelset som ikkje ville spøke (Dramatikk, 1997)
  • Akvatinter (Lyrikk, 1996)
  • Delfinens smil (Roman, 1995)
  • Fire fargar seinare (Roman, 1993)
  • Noko skal hende deg (Lyrikk, 1991)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg