Anine er eit kvinnenamn som kan vere ei avleiing av eit av dei vanlege kvinnenamna Anna, Anne og Ane.

Namnet har fleire variantar: Anina, Anine, Annine.

Namnedag er 13. august. Ann og Anny har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 183 kvinner i Noreg som hadde Anine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 jenter som fekk namnet Anine.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med trestava namn på -a har også nokre trestava namn på -e vore mest populære i siste del av 1900-talet eller tidleg på 2000-talet. I tillegg til Anine gjeld dette til dømes Irene, Kathrine, Marlene, Merete og Vibeke.

Utvikling i bruk av namnet Anine frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Anine frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anine på 1800-talet.

Anine var mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Anine var mest brukt i Telemark.

Historisk bruk av namnet Anine
Historisk bruk av namnet Anine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg