Faktaboks

Andreas Aabel

Morten Andreas Leigh Aabel

Fødd
9. februar 1830, Sogndal, Vestland
Død
9. mai 1901, Gjøvik, Innlandet

Andreas Aabel var distriktslege og diktar. Han var patriot og hadde stor interesse for historie og språk. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Se Norges blomsterdal».

Andreas Aabel var fødd i Sogndal, som son av prosten i bygda. Han tok medisinsk embetseksamen i 1856 og arbeidde mellom anna som privatlege i NesRomerike, før han vart utnemnd til distriktslege i Indre Sunnfjord i 1864, med bustad i Førde. I 1885 fekk han stilling som distriktslege på Toten og flytta dit. Hausten 1895 flytta han til Gjøvik, der han budde til han døydde.

Aabel tok ivrig del i den norske nasjonsbygginga på 1800-talet. Han var mellom anna med på å skipe til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Han var interessert i dei historiske røtene og var sterkt oppteken av gjelda som nordmennene hadde til islendingane, fordi dei hadde teke vare på dei gamle sogene og det gamle «norrønamaal». Aabel skildra både naturopplevingar, folkeliv og historie, for det meste i dikt med enderim. Dei fleste dikta er på riksmål, men nokre få er på landsmål, mellom anna dei han har skrive om norske hovdingar frå vikingtida, i Høstblomster (1896).

I studietida synte Aabel eit talent som skodespelar. Denne kunstnarlege åra vart ført vidare til seinare generasjonar. Aabel var far til skodespelaren Hauk Aabel (1869–1961) og farfar til skodespelarane Per Aabel (1902–1999) og Andreas Aabel (1911–1948).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav Gjørvad (red.): Totens bygdebok, bd. 2. Oslo 1937
  • Frantz Casper Kiær: Norges Læger i det nittende Aarhundre. Kristiania 1873
  • Isak Kobro: Norges læger. 1800–1908, bd. 1. Kristiania 1908
  • Ottar Starheim: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, bd. 1. Oslo 2009

Faktaboks

Andreas Aabel
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052766006367

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg