Faktaboks

Andrea Nahles

Andrea Maria Nahles

Fødd
20. juni 1970, Mendig, Rheinland-Pfalz
Andrea Nahles
Av .

Andrea Nahles er ein tysk politikar frå Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD). Ho var arbeids- og sosialminister fra 2013 til 2017.

Bakgrunn

Nahles voks opp i ein katolsk familie ved byen Koblenz i delstaten Rheinland-Pfalz. Ho har studert politikk, germanistikk og filosofi ved Friedrich-Wilhelms Universitetet i Bonn. I 2004 fekk ho ei doktorgradsstilling i germanistikk ved same universitet, men ho la vekk doktorgraden då ho vart vald inn i forbundsdagen att i 2005. Nahles er gift, har ei dotter og er busett på ein gard i Koblenz-området. Garden har vore i familien hennar i fleire generasjonar.

Politisk karriere

Ho melde seg inn i partiet då ho var 18 år. Frå 1995 til 1999 var ho leiar for den sosialdemokratiske ungdomsorganisasjonen Jusos. I 1998 vart ho for første gong vald inn i forbundsdagen. Ved valet i 2002 mista ho plassen, men ho vart vald inn att i 2005. Etter at SPD gjorde eit dårleg val i 2009, vart Nahles vald til generalsekretær i partiet. Denne posisjonen hadde ho fram til ho vart utnemnd til arbeids- og sosialminister i desember 2013.

Politiske standpunkt

Nahles går for å høyre til SPDs venstrefløy. I Gerhard Schröders regjeringstid var ho partiets aller skarpaste kritikar av Schröders arbeidslivs- og sosialpolitikk. Nahles er medlem av fagforeininga IG Metall og av Attac.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg