André Oktay Dahl

Faktaboks

André Oktay Dahl
Født
7. juli 1975, Lørenskog, Viken
Av /Stortinget.

Artikkelstart

André Oktay Dahl er ein norsk jurist og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus.

Bakgrunn

André Oktay Dahl er fødd i Lørenskog i Akershus (no Viken) og voks opp i Rælingen. Han tok Rælingen videregående skole i 1991–1994, avtente verneplikta i Garden i 1995 som soloklarinettist og studerte til cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1996–2002. I 2011 tok han sjefskurs ved Forsvarets høgskole.

Dahl var klarinettinstruktør for ulike skulekorps 1992–1994, arbeidde deltid på Vinmonopolet 1993–1998 og hos gullsmed 1999–2000, var miljøarbeidar ved Ryen bofellesskap 1999–2002. Frå 2013 arbeider han i PR-byrået Gambit H+K.

Politisk karriere

Dahl var leiar i Rælingen Unge Høgre (UH) i 1992–1993 og leiar i Akershus UH i 1997–1998. Han var medlem av Rælingen kommunestyre i 1995–1999, deretter varamedlem i 1999–2003 og medlem av fylkesstyret for Akershus Høgre i 1997–2003. Dahl var medlem av styret for Skedsmo Høgre 2002–2004. Seinare vart han medlem av fylkestinget i Akershus (1993–2006) og leiar av kontrollkomiteen i Akershus fylke (2003–2007). I 2008 vart han leiar av Akershus Høgre.

Han var vararepresentantStortinget frå 1997 til 2005 og møtte fast for statsråd Jan Petersen i perioden 2001–2005. Dahl hadde fast plass frå Akershus i perioden 2005–2013. I 2014 melde han seg ut av partiet. Dahl arbeidde politisk med samferdsel, skattelette, skule og dei som er utsette for overgrep.

Verv og utmerkingar

Dahl har vore meddommar i herredsrettenNedre Romerike (1996–2001), medlem av yrkesopplæringsnemnda i Akershus, medlem av styret for Stiftelsen Høgskolesenteret på Kjeller, medlem regionrepresentantskapet for Sparebanken NOR i Oslo/Akershus, medlem av utdanningsutvalet i Akershus (1999–2003) og medlem av Mannspanelet (2007–2008).

Dahl var medlem i styret for Norsk Krisesenterforbund (2008–2012) og Fellesskap mot seksuelle overgrep (2008–2011) og medlem i styret for Skeiv Verden frå 2011. Han fekk Dixi-prisen i 2008 for arbeidet knytt til overgrep mot menn og Skeive dagers ærespris i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg