Anders Viken

Faktaboks

Anders Viken
Født
6. juli 1898, Jølster, Vestland
Død
1977, Jølster, Vestland
Anders Viken var felespelar og slåttekomponist. Anders Viken er til venstre på fotoet, personen til høgre er ukjend. Ukjent år.
Av /Universitetsbiblioteket i Bergen.

Artikkelstart

Anders Viken var felespelar og slåttekomponist.

Anders Viken var fødd i Jølster. Han gjekk lærarskulen i Volda og var folkeskulelærar i Jølster frå 1930 til han gjekk av med pensjon i 1968. Faren, Ole Olsen Viken, var òg spelemann, og både dottera Alvhild Viken Øvrebø og sonen Arne Viken var felespelarar. Kona Rakel Viken var diktar og skreiv tekst til fleire av slåttane.

Viken komponerte over 400 slåttar. Spesielt kjende er «Jølstrabrura», «Huldresølvet» og «Brulandsvalsen». Særleg «Jølstrabrura» vart landskjend og var mykje spela i den populære ØnskekonsertenNRK i mange år.

Viken ville utvikle folkemusikken. Sjølv lét han byggje, og spela på, eit instrument som var ein mellomting mellom vanleg fele og hardingfele, det han kalla «idealfela». Musikken er inspirert av Jølster-naturen. Komposisjonane er prega av posisjonsspel og dobbelgrep. Han sette ein høg standard for komposisjonar, som stiller særlege krav til utøvaren. Titlane er gjerne humoristiske.

Anders Viken fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1968. Ei byste av han vart sett opp på fødestaden Skei i Jølster ved 100-årsjubileet i 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Viken (red.): Anders Viken. Jubileumsalbum 1898–1998. Oslo 1998
  • Lidvar Klakegg: «Anders Viken (1898–1977) – eit hundreårsminne» i Jul i Sunnfjord 1998, Sunnfjord Museum / Sunnfjord Sogelag. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg