Anders Skrondal

Faktaboks

Anders Skrondal
Født
1885, Sunndal
Død
1978

Artikkelstart

Anders Skrondal var ein norsk geistleg. Han vart cand.theol. i 1915, sokneprest i Vanylven frå 1916, i Sunndal frå 1923, i Orkdal frå 1933 til 1955 og frå 1938 òg prost.

Skrondal vart dr.theol. i 1930 på avhandlinga Grundtvig og Noreg; kyrkje og skule 1812–72. Seinare kom Grundtvigianismen i Noreg; kyrkje og skule 1872–90 (1936), Kristendom og fritenkjing i norsk åndsliv 1876–1894 (Norvegia Sacra, 1940) og lokalhistoria Orkdalsboka (4 bind, 1958–1968).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg