Anders O. Klakegg

Faktaboks

Anders O. Klakegg
Født
20. mars 1913, Jølster (no Sunnfjord), Vestland
Død
18. juli 1990, Førde (no Sunnfjord), Vestland

Artikkelstart

Anders O. Klakegg var ein norsk bonde og forfattar. Han skreiv historiske romanar og førte vidare Albert Joleiks bygdebok for Jølster.

Bakgrunn

Anders O. Klakegg var fødd i Jølster (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Som ung rekrutt tenkte han ei tid på å velje militær utdanning, men slo det frå seg og tok over odelsgarden. Faren heitte Ola, og sonen skreiv seg Anders O. Klakegg.

Forfattarskapen

I 1965 braut han opp og pakta garden bort for å kunne skrive. Han hadde skrive tidlegare òg, men då artiklar i aviser og blad. Truleg var den første skjønnlitterære teksten han publiserte ei novelle i avisa Firda 25 år tidlegare. Deretter kom det på rad og rekkje tre historiske romanar med motiv frå Jølster på 1600-talet, Heksespel (1965), Galgefossen (1967) og Audunsvollen (1971), forteljingar om strev og slit, kjærleik og hat, tru og ovtru og om sosiale brytingar.

Han følgde opp med romanane Dragsoget (1977) og Eitt folk (1980), som hadde motiv nærare hans eiga tid og frå andre miljø. Seinare kom sakprosaboka Astrup, Kinck og Jølster (1987), som for første gong offentleggjorde brevvekslinga mellom dei to kunstnarane.

I åra 1972–1984 arbeidde Klakegg med bygdeboka for Jølster. Det 1100 sider store verket kom ut i 1985, fører vidare Albert Joleiks Soga om Jølst og dekkjer perioden 1801–1974.

Utmerkingar

Klakegg var medlem av Den norske Forfatterforening frå 1968 og hadde reisestipend til mellom anna Island, Færøyane og USA. Han hadde òg statens garantiinntekt for forfattarar. I 1985 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Lars Fjell: «Anders O. Klakegg er borte». Jul i Sunnfjord 1990. Førde 1990
  • Ludvig Jerdal: «Anders O. Klakegg». Bergens Tidende 24.7.1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg