Faktaboks

Anders Mol

Anders Berntsen Mol

Fødd
2. juli 1997
Anders Mol og Christian Sørum
Sørum og Mol i Sveits sommaren 2018, nokre dagar før EM. Duoen vann både EM-gull og verdsseriefinalen i 2018. Mol til venstre, Sørum til høgre.
Førde volleyball
Anders Mol med kongepokalen etter at Førde VBK vann NM-finalen for menn mot TIF Viking i 2020.
Av /NTB Scanpix.

Anders Mol er ein norsk volleyballspelar frå Strandvik i Vestland. Han og lagkameraten Christian Sørum utgjer det mestvinnande norske laget i verdsserien i sandvolleyball. Dei slo gjennom og etablerte seg i den absolutte verdseliten i 2018. Tre år seinare debuterte dei i OL i Tokyo, der dei vann gull. Dette var Noregs første OL-medalje i sandvolleyball (og volleyball elles). Duoen vann òg VM i 2022, verdsseriefinalen i 2018, 2021 og 2022 og EM-gull fire år på rad frå 2018 til 2021. Mol har to gongar blitt kåra til verdas beste sandvolleyballspelar.

Karriere

Som 19-åring signerte Anders Mol ein proffkontrakt med den belgiske toppklubben Noliko Maaseik. Der måtte han etter kort tid gje opp innandørskarrieren, etter at lungene hadde kollapsa to gongar. Då tok han valet om å satse for fullt på sandvolleyball, der han hadde teke tre gull i junior-EM.

Det siste av desse kom saman med Christian Sørum, som han også satsa vidare med som senior. Sidan 2016 har duoen spelt saman, og allereie same året kom dei til kvartfinale i Major-turneringa i Klagenfurt. I 2017 kom Mol og Sørum på niandeplass i Major-turneringane i Gstaad og Poreč.

Mol vart kåra til årets nykommar – Rookie of the Year – etter den første sesongen som profesjonell i verdsserien i 2017.

I 2018 fekk Mol og Sørum det store gjennombrotet i verdseliten. I juli gjekk dei først til topps i femstjernersturneringa i Gstaad, før dei veka etter vann EM i Nederland. Her gjekk dei gjennom meisterskapen utan å tape ein einaste kamp. I finalen slo dei Latvia 2–0. Det var det første norske EM-gullet i sandvolleyball sidan 1997.

I august vann dei nok ei prestisjefylt turnering, då dei gjekk til topps i masterturneringa i Wien. Dei vart også rangerte som det beste laget i verda på verdsrankinga. Seinare same månaden vann dei si fjerde strake turnering og sigra i verdsseriefinalen i Hamburg. Nordmennene vann 2–0 over Polen i finalen. Det internasjonale volleyballforbundet (FIVB) kåra etter sesongen Mol til årets beste spelar, spelaren med best utvikling, beste blokkspelar og beste angrepsspelar i sandvolleyball i 2018.

I 2019 deltok Sørum og Mol for første gong i VM. Duoen tok bronsemedalje i debuten etter å ha slege amerikanske Bourne/Crabb 21–15 og 15–10 i bronsefinalen. Seinare vart dei europameistrar for andre året på rad. Dei passerte òg Jan Kvalheim og Bjørn Maaseide som mestvinnande norske par i verdsserien, då dei tok sin åttande triumf med siger i Gstaad.

I oppkøyringa fram mot OL-sesongen 2020 spelte Mol for første gong i eliteserien i volleyball i Noreg. Han spelte då for Førde Volleyballklubb og vart noregsmeister i cupfinalen. I desember 2019 vart Mol for andre året på rad kåra til den beste sandvolleyballspelaren i verda. Han vart og kåra til beste angrepsspelar, beste oppleggar og beste blokkspelar.

Store delar av 2020-sesongen vart avlyste på grunn av koronakrisa, men Mol og Sørum avslutta sesongen med å ta sin tredje EM-tittel på rad. Duoen slo dei regjerande verdsmeistrane Oleg Stoyanovskiy og Vjatsjeslav Krasilnikov 2–0 i finalen.

OL-gull i Tokyo

I april 2021 var paret tilbake i si første turnering i verdsserien på eitt og eit halvt år. Nordmennene vann turneringa i Cancún i Mexico, etter at dei slo Cherif Samba og Ahmed Tijan frå Qatar 2–0 i finalen. Dei vann og den påfølgjande turneringa same stad.

Under oppkøyringa mot OL i Tokyo leverte dei derimot svakare resultat. Dei siste tre turneringane før leikane skulle starte, kom ikkje Mol og Sørum på sigerspallen – med ein 17. plass i Sotsji som den svakaste plasseringa. Det var difor knytt ei viss spenning til kva gullkandidatane kunne få til i sjølve OL.

I opningskampen tok nordmennene ein knapp siger med 2–1 over Australia. Dei heldt fram med 2–0 over Spania, før eit tap for russiske Semenov og Lesjukov gjorde at det vart andreplass i pulja. Motstanden i åttandedelsfinalen vart tøffare enn han ville ha vore med puljesiger, men Mol og Sørum byrja å få dreis på spelet og vann 2–0 over Nederland. Spenninga var stor framfor kvartfinalen, der nordmennene møtte Semenov og Lesjukov, som dei tapte mot i puljefinalen nokre dagar før. Men også her viste det norsk paret solide takter og tok seg vidare til semifinalen med siger i to strake sett.

I semifinalen spelte Mol og Sørum opp mot sitt beste. Dei utklassa Latvia med komfortable 2–0, mellom anna etter svært godt blokkspel av Mol. I den andre semifinalen sikra russiske Krasilnikov og Stojanovskij seg finalebillett etter 2–0 mot Qatar.

Russarane kom best i gang i finalen og var oppe i 4–8, før Mol og Sørum kom meir med i kampen. Dei vann det første settet 21–17 etter sterkt spel i blokk og forsvar. Det andre settet vart jamnare frå start, før nordmennene drog i frå og vann 21–18. OL-gullet var den første norske medaljen i olympisk volleyball til Noreg nokon gong.

Åtte dagar seinare vann Mol og Sørum gull i EM for fjerde gong på rad, etter siger mot nederlandske Boermans og de Groot i finalen. I oktober avslutta dei sesongen 2021 med å vinne verdsseriefinalen med 2–0 over tsjekkiske Ondrej Perusic og David Schweiner.

Verdsmeistrar for første gong

Mol og Sørum hadde enno ikkje vunne VM, men var favorittar til å vinne gull då VM byrja i Roma i juni 2022. Og trass ryggproblem for Christian Sørum, spelte duoen sitt kanskje beste meisterskap. På vegen mot VM-tittelen tapte dei berre eitt einaste sett, og i finalen vann Mol og Sørum 2-0 (21-15 og 21-16 i sett) over brasilianske Renato og Vitor Felipe.

Det var første gong eit norsk lag hadde vunne VM-gull i sandvolleyball. VM-gullet var dessutan den siste internasjonale tittelen Mol og Sørum mangla i premiesamlinga. Det norske paret har vunne verdsserien, EM, VM og OL.

I august same året vart Anders Mol og lagkameratane på Beachvolley Vikings historiske igjen, då dei utgjorde Noreg sitt lag i Beach Nations Cup – eit europameisterskap for lag. Noreg gjekk heilt til topps i den nye turneringa. På laget spelte også Christian Sørum, Mathias Berntsen og Hendrik Mol.

Seinare i månaden var Anders Mol sett ut av influensa under oppladinga fram mot EM. Saman med Christian Sørum greidde han likevel å ta seg fram til semifinale, men Sverige vann. Dei firedoble tittelforsvararane kom dermed ikkje til finalen for første gong på fem år. I bronsefinalen kom nordmennene sterkt tilbake og slo Polen 2-0.

Saman med Sørum vann Mol i september 2022 det aller første europameisterskapet i «King of the court» i Utrecht. Dei vart deretter kåra til årets lag av det europeiske volleyballforbundet (CEV). I november vann dei sin 21. strake finale på toppnivå, då dei gjekk sigrande ut av verdsserieturneringa i Cape Town i Sør-Afrika.

Med sterkt blokk-spel var Mol avgjerande, då han saman med Sørum slo Polen og vann den avsluttande verdsseriefinalen 2022 i Qatar. Det var tredje gongen den norske duoen vann finalen.

Ved utgangen av sesongen 2022 var Mol og Sørum i tillegg regjerande meistrar i VM og OL.

I samband med den norske cupfinalen i volleyball, vart Anders Mol tildelt Fair Play Prisen 2022 frå Norges Volleyballforbund. Sommaren 2023 spelte han NM i sandvolleyball saman med den yngre broren Adrian Mol. Duoen tok NM-gullet og vann dermed også kongepokalen i meisterskapen.

I 2023-sesongen var Mol og Sørum på sigerspallen i alle World Tour-turneringane dei stilte opp i. Dei sikra seg og fleire nye finalesigrar. Det gjekk derimot tyngre i dei internasjonale meisterskapa, der det store målet var å ta VM-gull i Mexico, men duoen rauk ut i kvartfinalen både i EM og VM. Sesongen vart avslutta med andreplass i finalerunden av verdsserien i desember. Nordmennene tapte finalen mot svenske Åhman/Hellvig.

OL-sesong starta med skade

Starten på OL-sesongen 2024 fekk ein uheldig start for Anders Mol. Under ein treningskamp på Tenerife i mars, fekk han eit beinbrot i den eine foten. Det var ein skade som måtte opererast, og Mol og makker Sørum gjekk dermed glipp av verdsserieturneringane i Mexico og Brasil.

Det var venta at Mol ville vere ute i minst seks veker i den viktige oppkøyringa til OL i Paris, der han saman med Sørum er tittelforsvarar.

Beachvolley Vikings

Duoen Mol og Sørum er ein del av treningsgruppa Beachvolley Vikings, som også består av Mathias Berntsen og Mols storebror Hendrik Mol. Trenar for satsingsgruppa var lenge Mol-brørnes far, tidlegare landslagsspelar Kåre Mol. Frå 2022 tok assistenttrenar Jetmund Berntsen, far til Mathias Berntsen og onkel til Anders Berntsen Mol, over som hovudtrenar. Mol-brørnes mor, Merita Berntsen Mol, er sjølv tidlegare sandvolleyballspelar og OL-deltakar. Ho er mentaltrenar for duoen Mol og Sørum.

Merittar

Sandvolleyball

  • Olympisk meister 2021
  • Verdsmeister 2022
  • Europameister 2018, 2019, 2020 og 2021
  • Noregsmeister 2017 og 2023
  • Vinnar av verdsseriefinalen 2018, 2021 og 2022
  • Fleire sigrar i verdsserien
  • Europameister for lag 2022
  • Europameister i «king of the court» 2022
  • Bronse i VM 2019
  • Bronse i EM 2022
  • Årets lag på Idrettsgallaen 2020, 2022 og 2023
  • Årets lag i Europa i 2021 og 2022
  • Tre EM-gull for juniorar

Sigrar i verdsserien

  • Gstaad, 14. juli 2018
  • Wien, 5. august 2018
  • Hamburg, 18. august 2018
  • Las Vegas, 21. oktober 2018
  • Itapema, 19. mai 2019
  • Jinjiang, 26. mai 2019
  • Ostrava, 2. juni 2019
  • Gstaad, 13. juli 2019
  • Tokyo, 28. juli 2019
  • Wien, 4. august 2019
  • Cancún, 20. april 2021
  • Cancún, 26. april 2021
  • Cagliari, 10. oktober 2021
  • Ostrava, 29. mai 2022
  • Paris, 2. oktober 2022
  • Cape Town, 6. november 2022
  • Doha, 29. januar 2023
  • Doha, 5. februar 2023
  • Ostrava, 4. juni 2023
  • Montreal, 30. juli 2023

Merittar innandørs

  • NM-gull med Førde VBK 2020

Heidersteikn

Anders Mol vart tildelt prisen for årets lag saman med Christian Sørum på Idrettsgallaen i 2020, 2022 og 2023. Prisane var for innsats og prestasjonar i dei føregåande åra.

Han fekk Fair Play prisen 2022 frå Norges Volleyballforbund.

Klubbar innandørs

Anders Berntsen Mol i angrep for Førde Volleyballklubb
Anders Berntsen Mol i angrep for Førde Volleyballklubb

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg