Anders Magne Andersen

Faktaboks

Anders Magne Andersen
Født
31. desember 1940, Tasta i Hetland (Stavanger), Rogaland

Artikkelstart

Anders Magne Andersen er tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har markert seg som offentleg debattant og var den første redaktøren i Klassekampen.

Bakgrunn

Anders M. Andersen er fødd på Tasta i Hetland kommune (no Stavanger) i Rogaland. I 1970 tok han nordisk hovudfag ved Universitetet i Bergen. Frå 1974 til 2010 har han vore tilsett som lektor og forskar på høgskule- og universitetsnivå i Stavanger.

Litteraturvitskap

Andersen har førelese og skrive bøker og avhandlingar om romanteori, komedie, eventyr, lyrikk, retorikk og essayistikk, og om Stavangerkultur og Rogalandslitteratur, i tillegg til at han har førelese og skrive om ei rekkje norske forfattarar. Som filolog har Andersen mellom anna publisert «Rogalandsforfattarar i den norske skjønnlitteraturen», i Fra Vistehola til Ekofisk, bd. 2 (1987), «Sonettmodernisme» (om Olav H. Hauge) i Norsk litterær årbok 2007, «Rapport om forsking i romanteori», i 16.06.1946, Festskrift til Sveinung Time (2007) og «Høgt og lågt i Wergelands poesi og poetikk», i Henrich Steffens og Henrik Wergeland (2010). Han har òg teke del i den offentlege debatten gjennom artiklar og foredrag, særleg i spørsmål som gjeld målsak og EU.

Målsak

I studietida markerte Andersen seg som målmann og studentpolitikar. Han vart vald til formann i Studentersamfunnet i Bergen i 1966 og kom òg med i Studentmållaget, der han vart formann i 1964. I 1968 var Andersen redaksjonssekretær i avisa Orientering. Året etter vart han den første redaktøren i Klassekampen.

Som målmann tok Andersen del i arbeidet med «Målreising 1967», som var eit komitéarbeid leidd av Berge Furre, og som markerte ein ny strategi for Noregs Mållag. Andersen var i 1973 med på å starte dialektrørsla under parolen «Tal dialekt – skriv nynorsk». I perioden 1977–1989 var han skulemålsansvarleg i Rogaland Mållag. Ei viktig oppgåve her var kampen for å opprette nynorskklassar. Det vart hundrevis av nynorskklassar i Rogaland, og etter kvart nynorskklassar i store og nokre mindre byar over heile landet.

I 1979 tok han til orde for at målfolk måtte få nynorsk med i partiprogramma. Såleis kom nynorsk inn i prinsipprogrammet for AKP, vedteke på landsmøtet. Då partileiinga utan varsel strauk programmet etter få år, melde han seg ut av partiet med ein offentleg protest. Etter landsmøtet i 1999 er Andersen ikkje lenger med i Noregs Mållag, men han er med i Nynorsklaget.

Nei til EU

Andersen har markert seg som aktiv EU-motstandar, like sidan han i 1962 vart med i Aksjon mot Fellesmarkedet i Bergen. I 1988 starta han saman med Torolf Nordbø Rogaland Nei til EU. Han var den første leiaren og styremedlem i fylkeslaget i Rogaland fram til 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg