Artikkelstart
Anders Madsen Gil var ein norsk forkynnar og forfattar.
Han var ein av dei første som gav ut romanar på det nye kristelege forlaget Lunde, som vart skipa i Bergen i 1905.
Gil gav ut eit tjuetal bøker, dels preikesamlingar, dels forteljingar. Han er ein av dei første som skreiv i denne sjangeren på nynorsk. Bøkene handlar om vekkingsrørslene på denne tida og gjev eit bilete frå innsida. Nokre titlar er Uppgjerd – forteljing (1909), Paa leiting (1910), Bakka-Knut (1916) og Djupe røter ( 1929).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.