Anders Kjerland

Faktaboks

Anders Kjerland
Født
17. oktober 1900, Granvin (no Voss), Vestland
Død
2. mai 1989
Av /Kraftmuseet.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Artikkelstart

Anders Kjerland var ein hardingfelespelar frå Hardanger, med stort repertoar av lydarslåttar og dansemusikk.

Bakgrunn

Anders Kjerland var fødd i Granvin (no Voss kommune) i Hardanger. Han lærte å spele hardingfele av fleire spelemenn, framfor alt av faren Severin Kjerland og av Halldor Meland frå Ullensvang. Seinare blei Torkjell Haugerud frå i Telemark ei viktig inspirasjonskjelde.

Musikkarrieren

Kjerland var første gongen med på landskappleik i 1923. Den første og einaste sigeren i A-klassa fekk han i 1955, då han kom på delt førsteplass med Odd Bakkerud. Han var med på skipinga av Hardanger Spelemannslag i 1948, og dei mest kjende elevane hans er Knut Hamre og Leif Rygg. Han blei æresmedlem av Landslaget for Spelemenn i 1965.

Kjerland var kjend for å ha eit omfattande repertoar i minnet. NRK gjorde nærare 500 opptak av han i perioden 1948–1979, og eit utval som vart spela inn i åra 1950–1966 blei gitt ut på soloplata Hardingtonar. Fire slåttar er også å høyre på utgivinga Slåttar frå Voss, Hardanger og Krødsherad, som er del av plateserien Norsk Folkemusikk.

Det var likevel ikkje berre slåttemusikk (lydarslåttar) som stod på repertoaret til Kjerland, men òg dansemusikk eller såkalla runddansspel, som vals og reinlender. Slik musikk kan ein høyre på plata Gamle dansar frå Hardanger (1977), spela inn av gamaldansorkesteret Anders Kjerlands kvartett, som utanom Kjerland sjølv bestod av sonen Knut Kjerland på trekkspel, Jon Kjerland på gitar og Terje Rykken på bass.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Oddmund Hus (red.): Ein bauta i tonar. Anders Kjerland 1900–1989. Granvin 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg