Faktaboks

Anders Folkestad

Anders Jan Folkestad

Fødd
16. mars 1949, Volda, Møre og Romsdal
Anders Folkestad (2014)
Anders Folkestad, dåverande leiar av Unio, fotografert på Stortinget i 2014.

Anders Folkestad er lektor og fagforeiningsmann. Han var leiar for Uniohovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna frå han vart oppretta i 2001 og fram til 2015.

Anders Folkestad er fødd i VoldaSunnmøre. Han har utdanning frå Idrettshøgskulen og i tillegg engelsk hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1977. Folkestad har undervist som lektor ved Odda gymnas og Stranda vidaregåande skule, før han gjekk inn i organisasjonslivet på heiltid. Han var leiar i Norsk Undervisningsforbund 1990–93, deretter i Lærerforbundet og så i UHO (Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon) 2001–2015. UHO vart i 2005 omdøypt til Unio, som er latin for «eg sameiner».

Folkestad har stått i fremste rekkje blant fagforeiningsfolk her i landet gjennom dei siste tiåra. Høgre løn for høgt utdanna grupper, likestilling i yrkeslivet, gode pensjonsordningar og betre vilkår for tilsette i stat og kommune er nokre av krava han fronta som organisasjonsleiar. I skulefagleg samanheng har han ikkje minst vore oppteken av å styrkje kroppsøvingsfaget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg