Anders Fannemel

Faktaboks

Anders Fannemel
Født
13. mai 1991, Hornindal
Anders Fannemel under medietreffet til hopplandslaget i 2019.
Av /NTB Scanpix.

Anders Fannemel hoppar 251,5 meter og set ny verdsrekord under verdscuprennet i skiflyging i Vikersundbakken i 2015.

Av /NTB Scanpix.

Artikkelstart

Anders Fannemel er ein norsk skihoppar. Han har fire individuelle verdscupsigrar og VM-gull i laghopp og i skiflyging laghopp. Han konkurrerer for Hornindal IL.

Tidlege år

Fannemel byrja med skihopping som 13-åring og gjekk på hopplinja ved Norges ToppidrettsgymnasLillehammer. Etter god innsats under kontinentalcupen sommaren 2009 fekk han sjansen i verdscupen i desember same året, berre 18 år gamal. Der imponerte han med ein sterk 10.‑plass.

I junior‑VM i Hinterzarten i 2010 enda Fannemel på 11.‑plass. Under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i 2012 tok Fannemel bronse. Året etter tok han NM-gullRena.

Gjennombrot

I byrjinga av verdscupsesongen 2012/2013 kom det verkelege gjennombrotet. På Lillehammer 25. november hoppa Fannemel ned til 6.‑plass i normalbakken og 2.‑plass i storbakken. Den første verdscupsigeren kom i desember sesongen etter, i Nizjnij Tagil.

Verdsrekord

Under skiflygingsrenna i Vikersund i februar 2015 sette Fannemel verdsrekord med 251,5 meter. Verdsrekorden stod i to år, fram til lagkamerat Robert Johansson landa på 252 meter i mars 2017, også det i Vikersundbakken.

Merittar

Samla har Fannemel tolv pallplasseringar i verdscupen i skihopping, ein tredjeplass i den tysk-austerriske hoppveka (2017/2018), eit VM‑gull (Falun 2015) og eit VM‑sølv (Lahti 2017) i laghopp, og eit VM-gull i skiflyging laghopp (Kulm 2016).

Han deltok òg på laget som tok fjerdeplass i VM i skiflyging i Vikersundbakken i 2012. I OL i Sotsji i 2014 ble han femtemann i stor bakke. Med jamt sterk hopping sikra han seg ein fjerdeplass samanlagt i verdscupen i 2014/15.

Fannemel blei i 2012 kåra til årets skiflygar av KOP (Den internasjonale skiflygarorganisasjonen). I 2015 blei han utnemnd til æresmedlem i Hornindal Idrettslag.

Skade

I juli 2019 fall Fannemel stygt etter eit treningshopp i Wisla i Polen. Korsbandet og menisken i venstre kne blei skadde. Først vinteren 2021 var han tilbake på trening i hoppbakken.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg