Anders B. Werp

Faktaboks

Anders B. Werp
Anders Bjørnsen Werp
Født
16. desember 1961, Øvre Eiker, Viken
Stortinget.

Artikkelstart

Anders B. Werp er skogbrukar, tidlegare ordførar i Øvre Eiker og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud i 2009–2017.

Bakgrunn

Anders Bjørnsen Werp er fødd i Øvre Eiker i Buskerud (no Viken). Han tok skogbruk grunnkurs på Kongsberg i 1977–1979, Bjørkelangen videregående skole i 1979–1980, skogbrukarkurs i Osen i 1980–1981, skogskule på Steinkjer i 1983–1985, Bedriftsøkonomisk Institutt i 1985–1986 og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2009. Han har arbeidd i ei årrekkje med gards- og skogsarbeid, var tilsett i Drammensdistriktets Skogeierforening i 1987–1988 og arbeidde som økonomikonsulent og næringspolitisk rådgivar i Norges Skogeierforbund i 1989–1999.

Politisk karriere

Werp var medlem i styret for Øvre Eiker Høgre i 1993–1994 og leiar i 1994–1998, representant i Øvre Eiker kommunestyre i 1995–1999 og ordførar frå 1999 til 2009. Han var varamedlem i Buskerud fylkesting i 1995–1999 og medlem i 1999–2007, leiar i Buskerud Høgre i 1998–2008 og medlem frå 2009. Frå 1998 til 2008 var han medlem av sentralstyret i Høgre.

Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2005 og 2017–2021 og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud i 2009–2017. Han var første nestleiar i justiskomiteen i 2013–2017 etter å ha vore medlem i 2009–2013. Han har vore særleg interessert i justispolitikk, kristne verdiar og kyrkja sin plass i det norske samfunnet.

Andre verv

Werp var leiar av styret for Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare AS, Drammensregionen i 2007–2009, medlem av styringsgruppa for Vestregionen, rådet for Drammensregionen og styret for Kongsbergregionen til 2009, og frå 2010 medlem av hovudkomiteen for skiflygings-VM i Vikersund 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg