Ananias Brune

Faktaboks

Ananias Brune

Ananias Johannes Brune

Født
20. november 1853, Dalsbygda i Volda, Møre og Romsdal
Død
23. desember 1942, Hammerfest, Troms og Finnmark
Ananias Brune
Av /Øst-Finmarkens Folkeblad, 1917.

Ananias Brune var ein norsk lærar, målmann, ordførar i Vadsø og læstadiansk forkynnar. Saman med Karl Akre stod han i 1875 for det nordlegaste forsøket på etablere ei avis på landsmål.

Lærar og ordførar

Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminar i 1874. Etter korte opphald i Helgøy i 1874 og i Skallelv og Salttjern distrikt i Nord-Varanger var han frå 1883 til 1920 lærar i folkeskulen i Vadsø. Deretter flytta han til Hammerfest og budde der som pensjonist.

Brune sat i bystyret i Vadsø i perioden 1903–1920, var i fleire år medlem av formannsskapet og var ordførar i 1913. Han var medlem av fattigstyret i tolv år, sju år som formann, var lærarrepresentant i skulestyret i mange år og var forlikskommissær og overformyndar. I feriane var han i mange år telegrafist og oppsynsmann under Finnmark-fisket.

Læstadianar

Brune var læstadianar og verka som forkynnar både i Vadsø og Hammerfest. I 1885 vart han suspendert frå lærarstillinga i Vadsø på grunn av mindre avvik frå den augsburgske truvedkjenninga. Han vart frikjend i prosteretten og gjekk tilbake i stillinga i 1889.

Han omsette preiker av Læstadius frå kvensk til norsk, mellom anna Læstadius' kyrkjepostill. I 1927 gav han ut Nogen ord om Læstadius og Læstadianismen, og i 1830–1837 redigerte han det læstadianske månadsbladet Sions blad.

Landsmål

I juli 1875 gav han saman med Karl E. Akre ut landsmålbladet Finnmarkingen, men bladet kom berre med to nummer. Det var det nordlegaste blad-framstøtet på landsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • A. Brune: «Bidrag til Finnmarkens kirkehistorie, VI. Den levende kristendom i Vadsø. Den såkalte læstadianske menighet i Vadsø», Norvegia sacra 1934. Oslo 1934. Les boka her.
  • Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934. Les boka her.
  • Johs. Myklebust: «Lærer A. Brune», Norsk Skoletidende nr. 32, 1920. Les bladet her.
  • Kaare Berg-Hansen. «Ananias Brune og den norske 'Læstadius'». Vår kirke i nord : årbok for Hålogaland. 1954. Les boka her.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg