Ananias Brune

Faktaboks

Ananias Brune

Ananias Johannes Brune

Født
20. november 1853, Dalsbygda i Volda, Møre og Romsdal
Død
23. desember 1942, Hammerfest, Troms og Finnmark

Artikkelstart

Ananias Brune var lærar og læstadiansk forkynnar. Saman med Karl E. Akre stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Bakgrunn

Ananias Johannes Brune var fødd i Dalsbygda i Volda i Møre og Romsdal og døydde i Hammerfest i Finnmark (no Troms og Finnmark). Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminar i 1874. Deretter var han lærar i Helgøy i juli–oktober 1874, i Skallelv og Salttjern distrikt i Nord-Varanger til 1883 og i folkeskulen i Vadsø til 1920. Deretter flytta han til Hammerfest.

Brune sat i bystyret i Vadsø i perioden 1903–1920, var i fleire år medlem av formannsskapet og var ordførar i 1913. Han var medlem av fattigstyret i tolv år, sju år som formann, var lærarrepresentant i skulestyret i mange år og var forlikskommisær og overformyndar. I feriane var han i mange år telegrafist og oppsynsmann under Finnmark-fisket.

Læstadianar

Brune var læstadianar og verka som forkynnar både i Vadsø og Hammerfest. I 1885 vart han suspendert frå lærarstillinga i Vadsø på grunn av mindre avvik frå den augsburgske truvedkjenninga. Han vart frikjend i prosteretten og gjekk tilbake i stillinga i 1889.

Han omsette preiker av Læstadius frå kvensk til norsk, mellom anna Læstadius' kyrkjepostill. I 1927 gav han ut Nogen ord om Læstadius og Læstadianismen, og i 1830–1837 redigerte han det læstadianske månadsbladet Sions blad.

Landsmål

I juli 1875 gav han saman med Karl E. Akre ut landsmålbladet Finnmarkingen, men bladet kom berre med to nummer. Det var det nordlegaste bladtiltaket på landsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • A. Brune: «Bidrag til Finnmarkens kirkehistorie, VI. Den levende kristendom i Vadsø. Den såkalte læstadianske menighet i Vadsø», Norvegia sacra 1934. Oslo 1934
  • Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
  • Hildur Hatlebrekke: «Avisa Finnmarkingen som språkhistorisk kilde». Varanger. Årbok 1983
  • Per Håland: «Den nynorske pressa», Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Johs. Myklebust: «Lærer A. Brune», Norsk Skoletidende nr. 32, 1920

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg