Faktaboks

Amund Bredesen Larsen
Fødd
15. desember 1849, Grue, Solør
Død
27. april 1928, Bærum, Akershus
Verke
Språkvitskapsmann
Familie

Foreldre: Lensmann Christoffer Larsen (f. 1813) og Olea Bredesen Ramsøyen (død før 1865).

Gift 13.6.1878 med Henriette Caroline Sætre (27.11.1850–7.10.1881), dotter til gardbrukar Peder Hansen Skytteren (f. 1807) og Karen Guttormsdatter Sætre (f. 1815); 2) 31.5.1887 med Anna Cathrine Lund (f. 14.10.1866), dotter til fullmektig Carl Ludvig Johan Lund, Danmark, og Vilhelmine Kirstine Henrichsen.

Bror til Bastian Reinhold Larsen (1856–1919).

Amund Bredesen Larsen var ein norsk språkvitar. Han studerte bymål og bygdemål og var språksosiolog lenge før faget var etablert.

Bakgrunn

Amund Bredesen Larsen var fødd i Grue i Solør og døydde i Bærum. Han var bror av Bastian Reinhold Larsen. Han gjekk på «Heltbergs studentfabrikk», vart student i 1866 og tok embetseksamen i 1878 ved universitetet i Kristiania. Larsen tok doktorgraden i 1885 på ei avhandling om solørsk. Frå 1879 var han lærar i Trondheim og frå 1883 adjunkt i Arendal.

Målarbeid

Ved sida av lærararbeidet studerte han målføre. Han gav mellom anna ut Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold (1886) og Oversigt over de norske bygdemål (1897). I 1901 fekk han statsstipend for å studere norske bygdemål.

I 1902 tok han på seg å studere dei viktigaste bymåla for Bymålslaget. Han gav ut Kristiania bymål (1925), Bergens bymål (1912, saman med G. Stolz) og Stavanger bymål (1925, saman med M. Berntsen). Det siste store verket hans var Sognemålene (1926).

Larsen var, liksom språkforskaren Ivar Aasen, ein pioner i norsk målføregransking. Han såg målføra innanfor allmennlingvistiske rammer og var sosiolingvist lenge før faget var etablert.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ragnvald Iversen: «Minnetale over dr.philos. Amund B. Larsen», Årbok 1929. Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Oslo 1930
  • Amund B. Larsen: Oversigt over de norske bygdemål. Kristiania 1897
  • Amund B. Larsen: Skrifter, redigert av Magne Myhren. Oslo 1976
  • Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag. Kristiania 1921
  • Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Oslo 2002
  • Vilhelm Sommerfeldt: Studenterne fra 1866. Kristiania 1916
  • Geirr Wiggen: «Amund B. Larsen som sosiolingvist», i Kulbrandstad og Øygarden (red.): Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engen 11. januar 1995. Vallset 1995

Faktaboks

Amund Bredesen Larsen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036372021505

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg