The Amish Village
Frå The Amish Village i Pennsylvania, September 2013.
Amish Church

Amish Church. Ein amish-familie i tradisjonelle antrekk, som er så godt som uforandra sidan byrjinga av 1700-talet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Amish Church er eit tradisjonsbunde kyrkjesamfunn i USA og Canada. Det blei stifta i Sveits i 1690-åra av Jacob Ammann (1644–cirka 1730), men finst ikkje i Europa lenger. Talet på medlemmer er usikkert, men det blir rekna til cirka 340 000. Dei aller fleste av desse bur i USA, flest i Pennsylvania.

Faktaboks

Uttale
ˈa:miʃ tʃə:tʃ

Historikk

Jacob Ammann braut ut frå trussamfunnet til mennonittane, eit anabaptistisk kyrkjesamfunn som blei danna i Nederland og hadde røter i døyparrørslene på 1500-talet. For å unngå innblanding og forfølgingar utvandra mange til Nord-Amerika, der dei danna koloniar i Pennsylvania og seinare mellom anna i Ohio, Indiana og Canada.

Samfunn og livsførsel

Amish er delt opp i fleire kyrkjesamfunn eller grupper. Den mest konservative greina, Old Order Amish, er den største og held gudstenestene sine i heimane og berre på tysk, på ein dialekt også kalla «Pennsylvania Dutch». Desse blir også kalla House Amish i motsetnad til Church Amish, som har gudsteneste i kyrkja.

Amish blir kjenneteikna av ein svært konservativ livsførsel. Dei fleste lever av jordbruk etter gamle metodar. Dei godtek ikkje traktorar, bilar eller elektrisk lys, og dei bruker gammalmodige klede. Amish blandar seg ikkje med resten av samfunnet, tek ikkje imot sosial hjelp eller statsstøtte, nektar militærteneste og gjer ikkje fysisk motstand mot overgrep.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg