Artikkelstart
Ambrosius er eit latinsk mannsnamn som kjem av gresk ambrosios 'udødeleg, guddommeleg'.
Namnet er lite brukt i Noreg, men var vanleg i delar av Telemark i kortforma Ambros frå 1600-talet til midten av 1900-talet.
Namnedag 4. april etter biskop Ambrosius i Milano (ca. 339-397), ein av dei store kyrkjefedrane.
Avleidd kvinnenamn Ambrosia.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.