Alvhild

Artikkelstart

Alvhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Alf-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘alv (underjordisk vesen)’ og etterleddet ‘strid’.

Namnedag er 3. september. Alise og Vilde har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Alvhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg