Alva

Artikkelstart

Alva er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Alv. Namnet kan også vere kortform av namn på Alv-, til dømes Alvhild.

Namnedag er 3. januar. Alf og Alfred har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Alva

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var ein innvandrar frå Sverige: Alva Hansen fødd 1845 i Stockholm, busett på Austre Toten i 1900. Ifølgje «Förnamn i Sverige» av Eva Brylla er den fyrste Alva i Sverige fødd i 1845. Dette er same fødselsår som for «vår» Alva (frå Sverige), og det er truleg tale om same kvinne. Alva har vore mye meir vanleg i Sverige enn i Noreg.

Kjende personar med namnet Alva

Eit utval personar med namnet Alva, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Alva som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg