Alternative für Deutschland
Frauke Petry var leiar for Alternative für Deutschland (AFD) frå 2015 til 2017, då ho forlot partiet ein dag etter at ho blei attvald til Forbundsdagen. Foto frå 2016.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Alternative für Deutschland er eit tysk høgrepopulistisk parti, stifta i 2013. Partiet starta som eit eurokritisk parti og utvikla seg etter ei partisplitting i 2015 til å bli den fremste kritikaren av kanslar Angela Merkels flyktningpolitikk under flyktningekrisa i Middelhavet.

Faktaboks

Også kjend som

Alternativ for Tyskland

Bakgrunn

Partistiftinga vart initiert av økonomiprofessor Bernd Lucke og skribenten Konrad Adam. Bakgrunnen var misnøye med kanslar Angela Merkels politikk for handtering av den økonomiske krisa i eurosonen. Merkels politiske kurs var karakterisert av et sterkt ønske om å sikre og styrke euroen som felles valuta. Lucke og Adam var kritiske til euroen og til ei kvar form for finansiell hjelp til det kriseråka Hellas. Partinamnet Alternative für Deutschland viser til at Merkels politiske kurs var omgitt av politisk konsensus i ein slik grad at den svært ofte vart framstilt som en politikk det ikkje fanst alternativ til.

Innvandringspolitikk

Etter ein intern maktkamp overtok partiets nasjonal-konservative fløy makta i partiet i juli 2015. Frauke Petry og Jörg Meuthen vart vald til partiets talspersonar. Petry og Meuthens fremste politiske saker var problematikk knytt til innvandring, integrering, islam og flyktningar. Grunnleggjaren Lucke distanserte seg raskt frå partiet og samanlikna dei med den islamkritiske rørsla Pegida. Lucke grunnla sidan partiet Allianz für Fortschritt und Aufbruch som arbeider for Alternative für Deutschlands opprinnelege politiske målsetnader.

Etter Angela Merkels liberale vending i flyktningpolitikken hausten 2015, markerte Alternative für Deutschland seg raskt som Merkels hardaste kritikarar. Det gav partiet auka oppslutnad på meiningsmålingane.

Inn i Forbundsdagen

Partiet kom ikkje over sperregrensa på fem prosent ved forbundsdagsvalet hausten 2013. Ved valet til Europaparlamentet året etter fekk partiet 7,1 prosent og sju mandatar. Det vart partiets gjennombrot på nasjonalt plan. Same haust fekk partiet inn representantar i delstatsforsamlingane i Sachsen, Brandenburg og Thüringen. Etter dette vann partiet plass i stadig fleire nye delstatsparlament.

Ved forbundsdagsvalet hausten 2017 vart partiet fronta av juristen Alexander Gauland og økonomen Alice Weidel. Partiet fekk 12,6 prosent av stemmene og vart dermed landets tredje største. I delstaten Sachsen, vart AfD det aller største partiet med 27 prosent av stemmene. AfD vann 94 seter i Forbundsdagen.

Dagen etter valet erklærte den tidlegare leiaren Frauke Petry at ho ikkje ville vere med i partigruppa, men sitte som uavhengig representant. Petry melde seg seinare ut av partiet.

Då valresultatet var klart, sa visekanslar og utanriksminister Sigmar Gabriel (SPD) at det for første gong etter 1945 var blitt vald nazistar inn i forbundsdagen.

Om veljarane

Oppslutnaden om partiet er jamt over høgare i dei tidlegare DDR-delstatane enn lenger vest. Veljarundersøkingane etter Forbundsdagsvalet viste at det var fleire menn enn kvinner som røysta på partiet. Dei to største nye veljargruppene var tidlegare sofaveljarar og tidlegare CDU-veljarar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg