Alma er eit kvinnenamn som kan vere kortform av namn på Amal-, til dømes Amalie. Alma kan også vere eit italiensk og spansk namn som går tilbake til latin alma som tyder ‘den nærande (mor)’.

Namnedag er 8. september. Allan og Amalie har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Alma

Eit utval personar med namnet Alma, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 642 kvinner i Noreg som hadde Alma som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 249 jenter som fekk namnet Alma, og det var det niande mest populære jentenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Alma høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje.

Utvikling i bruk av namnet Alma frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Alma frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alma på 1800-talet.

Alma var mest brukt i Østfold og Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alma på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Alma var mest brukt i Østfold og Kristiania.

Historisk bruk av namnet Alma
Historisk bruk av namnet Alma
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg