Alice Sebold

Faktaboks

Alice Sebold
Født
6. september 1963, Madison, Wisconsin i USA
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Alice Sebold er ein amerikansk forfattar som har skrive om valdtekt, barnedrap og oppløysing av familiar i romanane sine. I Noreg er bøkene hennar omsette til nynorsk.

Bakgrunn

Alice Sebold er fødd i Madison, Wisconsin i USA. Ho har studert ved Syracuse University (1981–1984) og hadde eit lite opphald ved universitetet i Houston før ho i ti år budde i New York og prøvde å livnære seg som forfattar. Ho har skrive for avisene The New York Times og Chicago Tribune.

Forfattarskapen

Sebold har skrive tre romanar, der fleire av dei er omsette til norsk. Ho debuterte med romanen Lucky (1999) og slo igjennom internasjonalt med Alle mine kjære (originaltittel: The Lovely Bones). 14 år gamle Susie blir valdteken og drepen. Forteljargrepet er at Susie fortel historia si frå himmelen, medan ho ser livet på jorda. Det er ei rørande og spennande historie om kjærleik, sorg og tragedie.

Nesten evig (The Almost Moon) frå 2008 er ein realistisk, grøssaraktig, rørande og intens roman, der hovudpersonen drep mor si. Vi kjem tett inn på handlinga og personane med dei enkle litterære grepa Sebold nyttar.

Alle mine kjære kom ut på engelsk i 2002 og på norsk i 2004. Romanen blei filmatisert i 2009, og regissørar var Peter Jackson og Steven Spielberg. Boka er omsett til mange språk og er gitt ut i 30 land. Anne Karin Torheim har omsett Alle mine kjære og Nesten evig til norsk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg